Torsdag og fredag møtes forhandlarar frå Noreg og EU i Brussel, for å løyse opp i den tre år lange striden om kven som skal få fiske kor mykje sild. Hordaland er eit stort sildefylke, kring ein fjerdedel av fiskeflåten høyrer heime i Austevoll.

Noreg varsla i helga at norske fiskarar skal få fiske 65 prosent av den totale kvoten på 890.000 tonn som havforskarane meiner er forsvarleg.

Den nye kvoten er ein auke på sju prosentpoeng, verdt kring 300 millionar kroner i året, i høve til den gamle sildeavtalen mellom Noreg, EU, Island, Russland og Færøyane som vart inngått i 1996.

Noreg har hele tida meint at norske fiskarar skulle ha mykje større del av fangsten, fordi silda først og fremst held seg i norske farvatn. Då avtalen vart inngått frykta Noreg at sildestammen skulle kollapse om fisket ikkje vart regulert, og satsa på at det skulle vere råd å auke den norske delen av fisket etter kvart.

Men slik gjekk det ikkje, og dei tre siste åra har Noreg sett hardt mot hardt, og nekta fiskarar frå andre land å fiske i norske farvatn, der silda held seg når kvaliteten er best. Utlendingar har heller ikkje fått lov å levere sild i Noreg. Begge delar har gjort fisket mindre lønsamt for utanlandske fiskarar, men har samstundes ført til at norsk fiskeindustri har fått mindre fisk å arbeide med.

Målet med den steile norske lina har heile tida vore å presse fram ei ny avtale, og då EU sin fiskerikommisær Joe Borg vitja Bergen i førre veke vart det semje om at i alle fall EU og Noreg skal forhandle om ein tosidig avtale om sildefisket.