— Denne saka frå Førde viser at å avgrense innvandringa er viktigare for Noreg enn å følgje menneskerettane og råda frå FN, seier rådgjevar Aage Borchgrevink i Den norske Helsingforskomiteen.

Borchgrevink var nyleg i Kaukasus på oppdrag frå komitéen. Han meiner det i dag ikkje er noko skilnad på situasjonen i dei to naborepublikkane Ingusjetia og Tsjetsjenia.

— Dette er ei krigssone. Dei same overgrepa og dei same brota på elementære menneskerettar skjer i begge republikkane. Det er også FNs konklusjon.

— Nemnda trur ikkje på kvinna?

— Eg kjenner ikkje detaljane i det ho har fortalt, men hovudtrekka er plausible. Som at sonen blei tatt frå ho. Tradisjonen tilseier at mannens familie skal ta seg av barna til enker eller kvinner som blir skilde. Det er heilt vanleg at mødrer som kjem i slike situasjonar misser kontakten med ungane. Dei blir nekta å sjå dei.

— Utlendingsnemnda meiner dei kan slå seg ned andre plassar i Russland?

— Det er heilt urealistisk. Russland har ein systematisk politikk som går ut på at desse folkegruppene skal pressast tilbake til Kaukasus.

  • Normalt brukar Noreg å følgje FNs råd. Kvifor skjer ikkje det overfor Kaukasus?

— Det som vel er saka er at norske styremakter meiner FN byggjer sine råd på organisasjonar som den eg representerer, og dei trur slike organisasjonar smør litt for tjukt på. Faktum er at FN er i desse områda heile tida. Deira råd er langt betre grunngjevne enn konklusjonane som kjem ut av nokre delegasjonsreiser frå UDI.

Til Bergens Tidende seier Borchgrevink at Helsingforskomiteen har vurdert å reise sak for den internasjonale menneskerettsdomstolen.

— Når det ikkje alt har skjedd, er årsaka at vi har vunne fram i kvar einaste asylsak frå kaukasusregionen vi har engasjert oss i. Kjem den rette saka, kan dette blir aktuelt.

I Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) er dei overraska over nemndvedtaket, sjølv om organisasjonen kjenner godt til at norsk politikk strir mot FNs råd.

— Etter vårt syn bryt det også med tidlegare norsk praksis å sende tilbake ei einsleg mor med eit mindreårig barn, seier generalsekretær Morten Tjessem.