Det går fram av den reviderte rapporten frå den norske forsvarsstaben som vart presentert i går ettermiddag.

Nå er det klarlagt at angriparane var utstyrt med panservernrakettar, kalashnikovar (tilsvarande AG3 automatvåpen), ei stor mengd splinthandgranatar, brannfaklar, andre handvåpen og stein.

Det blir også sagt at det berre er tilfeldig at ingen av soldatane i leiren vart drepne.

Åtaket starta klokka 6.30 om morgonan, norsk tid, og varte i fem-seks timar.

Angriparane var 200-300 i talet. Forsvarsstaben hadde inntil i går ettermiddag ikkje fått opplysningar om kva målet med åtaket var, seier pressetalsmann, major Christian Øverli, i Forsvarsstaben til Bergens Tidende.

Ifølgje forsvarsstaben vart det ikkje gjeve ordre om retta eld mot angriparane. Det vart berre skote i sjølvforsvar. Og sjølvforsvarsretten er absolutt i einkvar situasjon der norske styrkar deltek i utanlandsoperasjonar, uttalar Forsvarsstaben. Det vart også nytta gummikuler og tåregass for å fjerne deomstrantane.

Jagarfly som flaug over leiren verka til å dempe demonstrantane, men det var først etter at det kom forsterkningar av spesialstyrkar i 12.30-tida, at aksjonistane trekte seg tilbake, seier Øverli.

— Korleis vurderer de situasjonen etter at det er sett skotpremie på norske soldatar med heile fem kilo gull i premie for kvar død norsk soldat?

— Det er klart at vi tek dette svært alvorleg. Det blir teke med i den løpande vurderinga av tryggingssituasjonen som blir gjort, seier Øverli.

Ifølgje Øverli arbeider ein nå med å freiste å klarlegge kven som stod bak åtaket og kva motiv dei har hatt.

Seniorforskar Kristian Berg Harpviken ved Fredsforskingsinstituttet seier til Bergens Tidende at han ikkje eit sekund tekte seg at åtaket var noko som skjedde spontant, utan planlegging.

— Skotpremie på utlendingar i Afghanistan er ikkje noko nytt. Men det er første gong nordmenn er nemnt konkret i ein slik samanheng. Saman med andre forhold gjev dette samla sett grunn til ekstra uro, seier Harpviken.