— Vi må erkjenne at det vi først såg for oss vart for ambisiøst. Vi gapte rett og slett for høgt, seier Torun Dramdal, seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet.

Dei nordiske landa har ambisjonar om å samarbeide tett i Afghanistan, og i fjor vart det tatt eit initiativ for å styrke justissektoren.

«The Nordic Initiative Project» såg for seg at landa i fellesskap skulle koordinere samarbeidet mellom politi, påtalemakt og domstolar i alle Afghanistans 34 provinsar.

Dette skulle gjerast i samråd med EUs justismisjon i Afghanistan, EUPOL.

Kalddusjen kom i form av ein rapport, tinga av dei nordiske landa, om stoda i det afghanske rettssystemet.

Tortur og korrupsjon

Den ferske rapporten er forfatta av to uavhengige analytikarar frå Sverige og Finland, Per Larsson og Ville Varjola. Dei teiknar eit dystert bilete:

  • Både politi og påtalemakt er innblanda i korrupsjon, utpressing og tortur. Mange brukar stillinga si til å skaffe ekstrainntekter, i staden for å følgje lova.
  • Fleirtalet i politiet er analfabetar, og den juridiske kompetansen er sterkt mangelfull over heile fjøla.
  • n Fengslingar utan lov og dom er utbreidd. Særleg auken i arrestasjonar av kvinner fordi dei «har rømt heimefrå» er urovekkjande.
  • Arrestasjonar blir brukt til å drive utpressing og som hemn. Ofra har ofte ikkje andre val enn å smørje folk i rettssystemet for å kome fri.
  • Ute i provinsane finst det nesten ikkje forsvarsadvokatar. Domstolar og påtalemakt her får heller ikkje løyvingar frå Kabul til hus, straum, telefon og kontorutstyr.
  • Lova blir «i beste fall» tolka skjønnsmessig. Ofte blir lover og reglar stempla som «u-islamske» eller «u-afghanske», og heilt ignorert.Smørjing er rutine

Når saker kjem opp for retten, blir «rettargangsreglane sjeldan følgde», ifølgje rapporten: Det er vanleg at prov ikkje blir lagt fram, vitne ikkje blir høyrde, og at dei tiltalte ikkje får ytre seg. «Dei fleste dommar blir gitt på grunnlag av tilståingar, ikkje prov», i ein samanheng der «tortur er utbreidd», heiter det i rapporten.

Mange dommarar har lite forståing både av offisielle lover og sharialovene, og byggjer i staden på tradisjonell afghansk juss. Også blant dommarar er analfabetisme og manglande utdanning vanleg.

Ytre innblanding frå guvernørar og lokale maktfigurar, er vanleg. Aktorar kan tene så lite om 350 kroner i månaden, det bidreg til korrupsjonen. I fengsla blir dei innsette «rutinemessig pressa til å smørje dei tilsette for å sleppe fri», heiter det.

Samarbeidet mellom politi og påtalemakt er generelt dårleg, og prega av gjensidig mistru.

— Eit hastverksarbeid

I Nord-Afghanistan – der Noreg konsentrerer sin innsats – er politiarbeidet prega av korrupsjon og brot på menneskerettane. I sør er politiet under så sterkt press at dei er «lite meir enn ein halvmilitær styrke». Vanleg folk i mange område har ikkje tillit til politiet, og tyr heller til uformelle landsbydomstolar.

Det internasjonale samfunnet er ikkje fritt for skuld, meiner rapportskrivarane: Straffelova er resultatet av hastverksarbeid, utført av utanlandske ekspertar, og er lite i tråd med afghanske juridiske tradisjonar. Det har skapt forvirring om kva som er gjeldande lov.

Fleire land bygde opp eigne treningsprogram på utsida av dei afghanske systema. Dette har hjelpt somme plassar, blant anna i antinarkotika-domstolane. I byane har politiarbeidet og antiterrorinnsatsen vorte betre. Samtidig har doble strukturar og stadig skiftande strategiar gjort at det ordinære rettssystemet har sakka akterut.

- Rapporten er god

Alt i alt er situasjonen så dyster at rapportskrivarane meiner ambisjonane for det nordiske prosjektet må justerast kraftig ned. Alternativt bør heile prosjektet skrotast. Å byggje opp nye koordineringsapparat i alle dei 34 provinsane vil krevje alt for store ressursar, og vil neppe føre noko godt med seg, meiner dei. Det finst alt eit slik apparat i FN-regi, og dette har vore lite vellykka.

Rapporten foreslår å heller konsentrere støtta til utvalde, eksisterande prosjekt og institusjonar, særleg riksadvokatembetet. Ei anna løysing kan vere å ta ansvaret for eitt enkelt treningsprogram for dommarar, aktorar, forsvarsadvokatar og politifolk.

— Vi har tatt rådet til følgje. Rapporten er veldig god. Det er ikkje tvil om at det står dårleg til, seier Torun Dramdal i Utanriksdepartementet, som sit i den nordiske styringsgruppa. Dei har nå bestemt seg for å sjå vidare på dei to skisserte alternativa i rapporten, og har bedt EUPOL om råd når det gjeld vegen vidare.

— På nyåret vil det truleg utkrystallisere seg kva vi kjem til å satse på vidare, seier Dramdal.