Dei strenge norske alkoholreglane har skapt knute på tråden i det nordiske samarbeidet i Afghanistan.

Ingen norske militære får smake alkohol så lenge dei er på afghansk jord. Det står i kontrast til reglane som gjeld for soldatar frå andre land: Dei fleste andre har lov til å drikke alkohol når dei har tenestefri.

I Mazar-e-Sharif i Nord-Afghanistan, der den norske kontingenten har hovudkvarteret sitt i Camp Nidaros, skapar dette vanskar.

Om nokre veker skal ei gruppe på 35 finske soldatar flytte inn hos nordmennene. Til sommaren kjem ytterlegare 50-60 finnar, for å delta i sikringa av presidentvalet i august.

Men før innflyttinga må ein avtale signerast. Og her vil finnane ha inn eit eige punkt: Dei same alkoholreglane skal gjelde her som i andre leirar med finnar i Afghanistan: Inntil to halvlitersboksar øl pr. dag, så sant dei ikkje er i teneste — «two can-rule» på militærspråket.

- Det er vår leir

Men det vil ikkje den norske militære leiinga i Afghanistan ha noko av.

— Camp Nidaros er vår leir, og der skal våre reglar gjelde. Vi vil at alle soldatane skal følgje det same reglementet, seier major Snorre Nordstrand, juridisk rådgjevar for den norske kontingenten i Afghanistan.

Noreg meiner våpen og alkohol ikkje høyrer saman.

Eit viktig poeng for nordmennene er at dei aldri kan vite når soldatane må gå til aksjon. Det vart blant anna klart då den norske basen i Meymaneh vart angripen i 2006. Angrepet var den direkte årsaka til at totalforbodet innført i leiren der.

Det er også vanskeleg å kontrollere at soldatane berre tek to øl, dersom dei først får drikke.

Gir god disiplin

Nordmennene har gode erfaringar med totalfråhald.

— Vi har i praksis ingen disiplinærsaker i Afghanistan. Eg er sikker på at det har samanheng med alkoholforbodet. Slik sett er regelen genial, seier major Nordstrand.

**Les også:

Får støtte frå ministeren**

Finnane er ikkje overtydde om akkurat det.

— Vår erfaring er at alt for strenge reglar kan skape problem. Vi har ikkje hatt vanskar med «two can»-regelen, seier Jyrki Iivonen, pressetalsmann i det finske forsvarsdepartementet.

Det har vore fleire rundar om saka, utan at det har kome til semje ennå.

Ekstra vanskeleg blir det fordi finnane som som bur hos svenskane i Camp Northern Lights, ein annan leir i Mazar-e-Sharif, har lov til å drikke to boksar øl.

— Vi ønskjer å ha dei same reglane for alle soldatane våre, seier Iivonen, som sjølv ikkje har vore involvert i diskusjonane med nordmennene.

Treng øl i saunaen

Han trur ikkje det blir aktuelt å innføre alkoholforbod for alle finske soldatar.

— Det første vi byggjer, er ein sauna. Og kva er vitsen med ein sauna, om vi ikkje får ta eit par øl etterpå, spør Iivonen.

At sommartemperaturen i Mazar-e-Sharif rett som det er passerer 50 grader celsius, legg ingen dempar på sauna-lysta.

— Dette vil ikkje bli godt motteke blant soldatane våre, seier pressetalsmannen.

Han meiner det vil vere «latterleg» dersom lokaliseringa skal avgjere alkoholreglane.

— Ulike reglar for ulike nasjonar i internasjonale oppdrag har inga framtid, seier Iivonen.

HÅVARD BJELLAND