Det vart stor ståhei då hunden Leon sat fast i fjellhylle i Stryn etter nyttårsferinga. På Askøy forsvann collien Nala to dagar før nyttårsafta, og var borte ein dag lenger.

– Det kom ei tåre og to då eg fekk vita at ho var funnen. Det må eg vedgå, seier Jarl Indrøy til Askøyværingen.

Då Nala dukka opp 8. januar var det over ni dagar sidan familiehundenforsvann frå heimen sin på Øvre Kleppe.

– Vi hengde opp plakatar, sette inn annonse i lokalavisa og kontakta både politiet foreininga for eigarlause hundar utan hell, seier Indrøy.

Stod med vatn til knea

Etter ni dagar høyrde tilsette ved Askøy Bygg og Betong AS gøying ved arbeidsplassen sin. Først klarte dei ikkje å lokalisera kor lyden kom ifrå, men då dette vart funne ut, vart Askøy Brann & Redning sett på saka. To brannmenn kasta seg uredd ut i den kalde januarsjøen og fekk manøvrert seg fram til Nala – som då stod med vatn til knea under betongkaien.

– Dei fekk ho over på ei flytebåre og med seg bort til flytebryggja bortanfor. Ho likte ikkjeakkurat å stå på båra, men ut kom ho no, seier brannmeister Roger Ingebrigtsen.

Betre enn flyteturen syntest Nala om nistepakka til ein av arbeidarane, som ho vart møtt med då ho var komen i tryggleik.

Stor gjensynsglede

Mett og tilsynelatande fornøgd etter å ha blitt redda i land av snille menneske, vart Nala frakta til dyreklinikken på Kleppestø kai der erfarne hender tok i mot henne. Takka vera at Nala er øyremerkt, var det ei smal sak for veterinær Helen Øvregaard å finna fram til eigaren hennar.

– Det er utruleg viktig at folk øyremerkjer dyra sine. Då eg fekk Nala hit, kunne eg gå rett inn i databasen og finna fram til eigaren og ringja han, seier ho. Og då Jarl Indrøy fekk telefonenhan hadde venta på sidan før nyttårsaftan, var han ikkje sein om å koma seg til dyreklinikken.

– Ho kom i mot han, litt forsiktig først, men så begynte halen å veiva. Så sette ho i med ein skikkeleg hylekonsert før dei nær sagt kasta seg rundt halsen til kvarandre, seier ho og ler.

– Ville ha drukna

Til trass for at Nala har vore pårømmen i godt over ei veke, er ho i mykje betre forfatning enn ein skulle ha forventa, ifølgjeHelen. Feber, eit lite sår på eine labben og mistanke om urinvegsinfeksjon er dei einaste meinaho finn på rømlingen.

– Ho er ikkje uttørka eller har mista vekt, så mat og drikkemå ho ha fått tak i. Derfor kan ho ikkje ha stått under kaien så veldig lenge, men har nok vandra rundt omkring, trur veterinæren.

Ho seier vidare at dersom Nala ikkje hadde blitt oppdaga, ville det vore total krise for henne.

– Eg tør spå at ho mest sannsynleg ville ha drukna, seier Helen.

Korleis reagerer dine husdyr på rakettane? Del dine erfaringar her!

FEKK TILBAKE HUNDEN: Takka vera at Nala er øyremerkt, kunne veterinær Helen Øvregaard lett finna eigar Jarl Indrøy og kontakta han med den gode nyheita.
Mari Møen, Askøyværingen
GLAD FOR REDNING OG NISTE: Brannformann Roger Pedersen (t.v.) og underbrannmeister Stian Lerø i Askøy Brann & Redning fann Nala ståande med sjøvatn til knea under ein kai i Florvåg, og tok ho ut på flytebåre. Nala var mest oppteken av nistepakken.
Mari Møen, Askøyværingen