OVE ARNE OLDERKJÆR

Kvinnherad

Berre Vestfold og Aust-Agder er utan representasjon når gjetarhund-NM går av stabelen i jordbruksbygda Omvikdalen i Kvinnherad 9. og 10.oktober.

Norske gjetarhundar held eit høgt nivå, seinast dokumentert gjennom sigrar i landskamp mot Sverige, i nordisk meisterskap og i Continental Sheepdog Championship 2004.

Hordaland stiller med ti ekvipasjar, med den ferske fylkesmeisteren Liv Oddny Hauen Hindenes frå Ostereidet i spissen. Ho har to hundar på startstreken, toåringen Sweep og fireårige Sal. Hindenes-familien mønstrar tre hundar til, og Stein Dalland kompletterer bildet av Ostereidet sitt sterke gjetarhundmiljø med to hundar som skal tevla.

Tradisjonelt gjetarhundkvasse Kvinnherad har ingen deltakar i år. Sogn og Fjordane er representert med seks ekvipasjar, fire av dei frå Stryn.

Tevlingane går føre seg laurdag og sundag på Ripelsbøen i Omvikdalen, dei sosiale aktivitetane for tobeinte er lagt til grannebygda Rosendal.

KONSENTRASJON: Det er ikkje lett å halda flokken samla. <br/>Arkivfoto: HELGE SUNDE