TERJE ULVEDAL

Drammensmannen Frode Schiøtz møtte dei på øya Phi Phi tre dagar før bølgja slo inn over strendene i det thailandske ferieparadiset. Dei budde då på austsida av øya, eit område som låg betre i ly for kjempebølgjene som kom frå vest.

— Eg snakka med Ole Berge Drægni på stranda. Han sa dei hadde funne sitt «idylliske paradis», og at dei planla å vere der fleire dagar, seier Schiøtz til Bergens Tidende.

For slekt og vener er dette blitt eit halmstrå å klamre seg til.

— Sjølv om det kanskje ikkje er så mykje, er dette den første positive meldinga vi har fått, seier kameraten Mikkel Sørheim. Saman med andre vener av sambuarparet og den åtte år gamle jenta, har han engasjert seg sterkt i å spore opp dei sakna vestlendingane.

Lite sannsynleg

Schiøtz og sambuaren hadde leigd seg båt for å sjå seg litt rundt. Dei kom til Phi Phi, og eit lite turistifisert område på austkysten av øya.

— Vi la først merke til dei då vi tok oss eit måltid på ein serveringsstad. Vi høyrde dei snakka norsk, men gav oss ikkje til kjenne. Etterpå gjekk vi ned til stranda. Då låg Ole Berge Drægni i ei hengekøye. Vi skjønte at dei reiste litt meir på lykke og fromme enn vanlege pakketuristar, og kom i prat, fortel Schiøtz.

I følgje Schiøtz sa Turtagrø-eigaren at dei no hadde funne seg sitt «Paradis på jorda»: - Dei budde i ei bambushytte ved stranda, og planla å vere der fleire dagar. I området budde svært få andre.

Stranda ligg altså mot aust, og dermed betre verna mot kjempebølgjene. I tillegg var det kort veg frå stranda til eit høgdedrag.

— Ut frå det Ole Berge Drægni fortalde meg, trur eg det er lite sannsynleg at dei var tilbake i Phuket alt julaftan, seier Schiøtz.

Einaste halmstrået

— Dette er det einaste halmstrået vi har fått, seier Mikkel Sørheim. Både slekt og familie har vore sikre på at sambuarparet og den åtte år gamle jenta budde på eit hotell i Phuket då flodbølgja raserte turistparadiset. No er dei ikkje så overtydde lenger.

— Det vi er sikre på er at dei tre stod i ferd med å sjekke inn på eit hotell då Ole ringde heim julaftan. Eg kjenner dette området på Phi Phi ganske bra sjølv, og det kan ikkje ha vore på same stranda Schiøtz snakka med dei nokre dagar før. For så vidt eg veit er det ikkje noko hotell der. Vi har rekna med at dette var i Phuket. Men etter å ha snakka med foreldra om telefonsamtalen og Frode Schiøtz, kan vi ikkje vere så sikre lenger.

Dei siste overlevande turistane blei i følgje Sørheim evakuerte frå Phi Phi onsdag, men dei tre skal ikkje ha vore mellom desse.

— Men uansett gjev desse opplysningane i alle fall eit ørlite håp om at dei kan vere i live i eit område der det er uråd å få kontakt med omverda.

Ole Berge Drægni er ein svært sentral person i det norske fjellsportmiljøet. Han kjem frå Luster, og er fjerde generasjon i familien som driv hotellet på Turtagrø. I vinterhalvåret bur familien i Bergen. Berge Drægni blei landskjend då det særmerkte hotellet brann ned til grunnen natt til 24. januar 2001, og han tok på seg den tunge oppgåva med å byggje opp att hotellet.

HENG PLAKATAR OVERALT: Denne plakaten med etterlysing av Kirsti Kulseth, dottera Shyrin og Ole Berge Drægni heng no overalt i Phuket. Familie og vener har fått eit ørlite håp etter at dei tre blei sett på austsida av Phi Phi få dagar før flodbølgja kom. <br/>Foto: MARITA AAREKOL