Jølster kommune har lansert planar for bygging av eit besøkssenter ved Astrup-tunet. Senteret skal reisast på naboeige-domen der det etter dei eksisterande planane må rivast hus for å få plass.

Rådgjevar Grete Marøy Sellevold ved fylkeskulturkontoret seier nabobruket er eit viktig kulturminne som bør takast vare på.

— Nabotunet er eit kulturminne som vi må vurdere å ta vare på. Det er ein viktig del av nærmiljøet til Astruptunet, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.