— Vi reknar med at det er bitar som har slite seg laus frå det store flaket vi pumpar på no, opplyste skadestadleiar Per Gustav Steimler til Bergens Tidende i går ettermiddag.

Oljevernskipet, som inngår i forsynings- og beredskapsflåten på Mongstad, er leigd ut til spanske styremakter. Båten kom til oljeureina strendene i området Galicia rett før helga.

Følgjer oljeflaka

Om bord er 23 personar. Mesteparten er vestlendingar som er fast mannskap på oljevernfartøyet. I tillegg har også Statens Forurensingstilsyn (SFT), Norsk Oljevernforening for Operatørselskap (NOFO) og utstyrsleverandøren Frank Mohn representantar om bord.

Til i går kjempa «Far Scout» mot svært vanskelege vêrtilhøve. Men måndag stilna vinden, noko som gjorde arbeidsforholda enklare.

— Akkurat no følgjer vi eit oljeflak som flyt sakte innover mot land. Ein del andre flak driv forbi, kunne skadestadleiaren fortelje frå båten som då låg nokre få nautiske mil frå kystlinja.

Rikeleg å ta av

Mannskapet jobbar på den måten at dei plasserer seg i midten av eit flak, set opptakaren ned i oljen og slurpar opp det dei kan. Deretter forflyttar båten seg til eit nytt flak.

— Her er rikeleg å ta av. Vi har fleire middels store flak rundt oss. Vi har sett enkeltflak som dekker område på 300 kvadratmeter. Flaka er kring 30 centimeter tjukke. Det fortel vel litt om kor store mengder vi snakkar om, seier rådgjevar Bjørn Brattfoss i SFT.

Søndag greidde «Far Scout» å pumpe opp 200 tonn. I går håpa skadestadleiar Steimler å få meir olje opp av sjøen. Far Scout har totalkapasitet på kring 1000 kubikk.

— Oljen har ein utruleg tjukk samansetjing. Det er omtrent som flytande asfalt, eller tjukk graut.

Første prøve

«Far Scout» er eitt år gammal, og oppdraget på spanskekysten er den første alvorlege testen. Til Bergens Tidende seier SFT-rådgjevar Brattfoss at fartøyet har fungert svært bra, forholda tatt i betraktning.

— Eg hadde eigentleg ikkje trudd båten skulle greie seg så godt som han har gjort, om vi tenkjer på vêrtilhøva og ein olje som er frykteleg uhandterleg.

Ingen kan seie noko om kor lenge «Far Scout» blir verande i Spania. Men det kan fort bli både veker og månader.

— Det er den spanske leiinga av oljevernaksjonen som bestemmer kor lenge dei vil ha oss her. Men vi reknar nok med at vi blir her ei god stund framover, seier Brattfoss.

Mannskapet som er i Spania no, vil få avløysing til jul.

Lek ikkje

Rundt eit dusin strender i provinsen Galicia var til i går grisa til av olje frå «Prestige». Oljetankaren som skulle til Gibraltar med fyringsolje knakk i to og sokk 210 kilometer frå land 19. november. Eit 250 kilometer langt kystområdet frå La Coruna og sørover er truga av oljeutslepp frå den havarerte tankaren.

28.000 personar hentar hovudinntekta sin frå fiskeri i dette området. Men no er det innført totalforbod mot fiske, og både fiskarar og fiskeindustriarbeidarar går arbeidslause.

I tillegg til «Far Scout» deltek også den norske slepebåten «Boa Siw», to franske, to nederlandske, eitt belgisk og eitt britisk fartøy i arbeidet med å hindre olje i nå land. Men med dei store mengdene er det eit svært vanskeleg prosjekt.

— I går kunne vi frå båten sjå oljeflak som dreiv inn på strendene. Det er eit trist syn, seier Bjørn Brattfoss.

Ein fransk ubåt fann ingen spor av oljelekkasje då den måndag undersøkte vraket av «Prestige», ifølgje ei regjeringskjelde.

Den franskeigde «Nautille» dykka 3.500 meter under havoverflata for å undersøkje de øydelagde oljetankaren.

SVARTE STRENDER: Oljen frå «Prestige» fargar strendene i Galicia svarte. 164 strender er blitt forureina i denne regionen, og mindre oljeflak er også sett langs kysten av regionen Asturias lenger nord, skriv avisa El País. (Foto: Reuters)