I dag, torsdag 22. juni, legg EU-kommisjonen fram ei løypemelding som oppsummerer resultata av EUs transportpolitikk, slik han vart meisla ut i ei såkalla kvitbok (White Paper) i 2001. Der er det ikkje mykje sjølvros.

Hovudmålet i 2001 var å få meir transport over frå veg til jernbane. Det galdt både gods og passasjerar, men først og fremst gods. Her er det lite som har endra seg.

Flemming Hansen hadde utkastet til løypemelding i lomma då han kom til Balestrand tysdag for å delta på eit nordisk-baltisk samferdsleministermøte. Han la fram konklusjonane i lukka møte på Kvikne's Hotell, men hadde ingenting i mot å la BT få innsyn etterpå.

– Mitt inntrykk er at EU-kommisjonen er meir realistisk no med omsyn til måla enn det som står i kvitboka frå 2001, seier Flemming Hansen til BT.

Endelause køar

Og heilt sikkert med god grunn.

EU sine eigne tal, datert desember 2005, fortel dette:

— 44 prosent av alt gods i EU vert frakta på landevegen, mot 8 prosent for jernbane.

— 79 prosent av all persontransport går på landevegen, mot 6 prosent på jernbane.

— 7500 kilometer med køar på motorvegane i EU kvar einaste dag.

– I løypemeldinga opplyser kommisjonen at godstrafikken i EU vil veksa med 45 prosent og persontrafikken med 35 prosent frå 2000 til 2020. Det står vidare at vegtransporten tar 60 prosent av alt oljeforbruket i EU. Og kommisjonen trur ikkje at den fordelinga vi har i dag mellom veg og jernbane vil endra seg vesentleg på lang tid, seier Flemming Hansen.

Manglande samkøyring

– Kva seier EU-kommisjonen om vegen vidare?

– Målet for transportpolitikken vil liggja fast; eit effektivt transportsystem med høg mobilitet og som er berekraftig. Då må vi få til ein overgang frå veg til jernbane og til sjø/kanaltransport. Eit av problema kommisjonen peikar på er den store skilnaden på transportavgifter frå land til land. Særleg på drivstoff. Desse skilnadene må minkast kraftig.

– I jernbanetransporten trengst det ein stor innsats for å betra samkøyringa med andre transportformer. Det er tungt å få til gjensidig godkjenning av vognmateriell over landegrensene. Det manglar og mykje på samkøyring av tekniske standarder for jernbanenettet, seier Flemming Hansen.