TERJE ULVEDAL

Misjonærparet og borna vart brutalt rana i førre veke. Dei bestemte seg først for å verte buande i landsbyen, men sist søndag kom ranarane kom tilbake.

-– Då torde ikkje Friborg–familien vere der lenger, fortel Osvald Hindenes i Norsk Luthersk Misjonssamband til NRK Sogn og Fjordane.

Familien, som er frå Førde og Bergen, vart terroriserte i over ein time under ranet førre veke. Medan valdsmennene slo laus på døra deira, måtte dei levere frå seg alle pengane som var i huset. Inkludert sparepengane til borna og pengeskåpet til misjonsstasjonen.

Politiet arresterte to av gjerningsmennene då dei kom tilbake til landsbyen søndag. Misjonærfamilien føler seg likevel ikkje sikre på at faren er over, og har reist til ein større by 10 mil unna misjonsstaden.