Nå har Forsvarsdepartementet fått 10 millionar kroner i bot for den fatale skyteepisoden, som skjedde i ein politileir i Faryab-provinsen i 2011, melder NRK. Den døde var røyrleggjar, og var på arbeid i leiren.

Den norske soldaten var sett til å vere såkalla toppsikrar på eit pansra norsk militærkøyrety av typen Iveco då skotet fall. Toppsikraren står i ei luke i taket med ladd våpen, og skal slå attende mot eventuelle angrep.

Heilt ny våpentype

— Våpenet var eit maskingranatgevær. På dette tidspunktet var denne våpentypen heilt ny i det norske forsvaret, dei hadde berre to-tre stk. Etter vårt skjønn viser etterforskinga at det ikkje har vore gitt ei forsvarleg opplæring i å betjene dette våpenet, korkje før avreise frå Noreg eller i Afghanistan. Vedkommande var også uvand med jobben som toppsikrar, seier førstestatsadvokat Geir Fornebo ved Nordland statsadvokatembeter.

Ulykka hende då bilen med soldaten var på veg ut frå ein afghansk politileir i Almar-distriktet.— Han skulle klargjere, eller halvlade, våpenet i det dei skulle køyre ut frå leiren. Så vidt vi forstår er dette vanleg og akseptabel praksis der nede. Under denne klargjeringa gjekk det av eit skot som tok livet av ein afghanar og skadde ein annan, seier Fornebo.

Granska av Forsvaret

Saka vart først etterforska av norsk militærpoliti. Også ein intern granskingsrapport vart utarbeidd av Forsvaret i etterkant, før saka vart sendt til Krigsadvokaten.

— Avgjerda vår er i tråd med innstillinga vi har fått frå Krigsadvokaten, seier førstestatsadvokat Fornebo. Påtalemakta meiner det er Forsvaret som må ta skulda for det som hende, ikkje soldaten som kontrollerte våpenet då skotet gjekk av.

Saka mot soldaten er difor lagt vekk som "intet straffbart forhold".

Bota på 10 millionar kroner er like stor som bota Forsvarsdepartementet fekk etter ei dødsulykke i Rena leir i 2009. Den gongen omkom ein 19 år gammal vernepliktig soldat då ho vart rygga ned av ei panservogn.

Forsvarsdepartementet må innan ein månad ta stilling til om dei aksepterer bota.