Heideren gjekk til Leif Martin Mæland, som er senior prosjektingeniør ved Wärtsila Propulsion på Rubbestadneset i Bømlo.

NOx fører m.a. til sur nedbør og forsuring av jord og vassdrag. Gjennom den såkalla Göteborgprotokollen har Noreg plikta seg til å få ned utsleppa av NOx med 30 prosent innan 2010. Målet er enno eit godt stykke unna, og det skuldast i stor grad skipsfarten langs norskekysten.

Det er her Leif Martin Mæland og hans team ved Wärtsila har gjort ein stor innsats. Han står bak eit utviklingsprosjekt som tek sikte på å minka utsleppa av NOx ikkje berre i nye båtmotorar, men og på skip som alt er i drift. Ei statleg støtteordning er på plass, og 40 prosjekt er gjennomførde sidan starten i 1997.

Prisen til Leif Martin Mæland er særleg aktuell nett no, når regjeringa føreslår dryge avgifter på NOx-utslepp frå skip.

Miljøprisen til Leif Martin Mæland er på 35.000 kroner, og han vart delt ut av fungerande leiar i kultur— og ressursutvalet, Mette Nora Sætre.

PRISVINNAR: Leif Martin Mæland får fylkestingets miljøpris av Mette Nora Sætre.

Nilsen, Arne