Det er avisa Fjordenes Tidende som melder om den kuriøse dyrehistoria. Bilete av ugla innestengt bak feieluka har dei også.

Det var måndag kveld at Eli Flageborg og Frode Solvang i Blålid i Deknepollen forstod at det var ein ubeden gjest i botnen av skorsteinen.

— Vi høyrde lydar frå pipa i over eit døgn, fortel Frode.

— Ugla kravla med både vengjer og bein, og gav tydeleg uttrykk for at ho hadde lyst å kome ut av det mørke røykfylte fangeholet. Ho må ha vore der minst i eit halvtanna døgn, seier Frode til Fjordenes Tidende.