Florøværingen leiar ekspedisjonen som siglar i kjølvatnet til Kon-Tiki. På dagen 59 år etter at Thor Heyerdahl la ut frå Peru på ein flåte laga av balsatre frå Ecuadors regnskogar, gjer fire nordmenn, ein svenske, ein peruanar og ei papegøye det same. Mellom ekspedisjonsmedlemene, som skal la seg drive med vind og straum mot øyane i Stillehavet, er barnebarnet til Thor Heyerdahl, Olav.

Etter ei reise på over 8000 kilometer og 101 dagar nådde Heyerdahl land på Raroiarevet. Som sin forseglar har Tangaroa-ekspedisjonen mål om å nå land med sin flåte av balsatre i same området etter kring 100 dagar, altså i første halvdel av august.

Stokkane stoppa i tollen

Higraff frå Norddalsfjorden har førebudd ekspedisjonen i tre år. Sjølve bygginga av den 18 tonn tunge flåten tok til i midten av januar då mannskapet drog til Ecuador for å hogge tømmer. Men så stoppa det. Tømmeret sette seg fast, i tollen.

– Vi har opplevd eit byråkrati som saknar sidestykke, seier Higraff.

Før balsatømmeret var på plass i hamnebyen Callao i Peru for ein god månad sidan, hadde korrespondansen med styremaktene i det latinamerikanske landet nådd å bli ein 40 cm høg papirbunke.

– Den byråkratiske mølla påverka stemninga mellom medlemene av ekspedisjonen. Men etter at vi kom over det, har det berre gått betre. Eg føler vi er ein godt samansveisa gjeng.

Tangaroa-ekspedisjonen har fått god hjelp. Den peruanske marinen har synt stor interesse for ekspedisjonen, og sette tre-fire personar til flåtebygging då dei høyrde om forseinkinga. Og tilreisande nordmenn har sydd sivmatter og gjort anna arbeid.

Kona døypte

– I alt 30-40 norske har teke del i bygginga over kortare eller lengre tidsrom. Nokre var familie som kom på planlagde besøk, men vi har også opplevd at folk har reist spontant, eller lagt turen om Callao, når dei høyrde vi var her, fortel Higraff.

Familie og vener frå Norddalsfjorden er mellom dei som har vore aktivt med i bygginga.

Ei kjempesvær kran sette i sju-tida norsk tid torsdag kveld Tangaroa på sjøen utanfor hamnebyen Callao. Dette var første gongen den fullt ferdige flåten kom i kontakt med saltvatn. Etterpå heldt ein admiral i den peruanske marinen tale. Til slutt blei flåten døypt av Mona Sæverud Higraff, kona til Torgeir.

I går ettermiddag var avskjedsseremonien, der mellom andre den norske ambassadøren i Peru, Kon-Tiki museet og sponsorane tok del. Deretter padla ekspedisjonsmedlemene og 20 frivillige flåten fem sjømil ut frå land, for å komme ut i straumane som skal drive flåten vestover mot Polynesia.