1. juli gifta Gunhild Raunsgard (26) seg med sin palestinske kjærast i Libanon. No plukkar ho moreller i Hardanger, medan han er igjen i Sør-Libanon, der bombene haglar.

— Det var heilt forferdeleg å reisa frå han. Tanken om at me kanskje aldri ser kvarandre igjen har sjølvsagt streifa meg, men det går ikkje an å tenkja slik i lengda. For å koma meg gjennom dette, må eg distansera meg litt frå alt saman. Eg kan ikkje gå rundt og gråta heile tida, heller, seier Gunhild.

Ho sit i hagen heime på Ringøy og et skive med salami. Morelltre med saftige, raude bær omringar oss på alle kantar. Den nye gifteringen blenkjer i sola. Bomber og krig verkar uendeleg langt borte.

Bakeriet bomba

Søt musikk oppstod mellom Gunhild og ektemannen Bassel El Faour (25) medan ho arbeidde som solidaritetsarbeidar i den palestinske flyktningleiren Rashidie i Sør-Libanon, der han bur. Saman med venninna Jenny Rømo (27) frå Sogndal arbeidde ho i leiren på oppdrag for Palestinakomiteen frå juli i fjor til januar i år.

Natt til i går blei bakeriet i flyktningleiren bomba. Seks blei såra, éin døydde seinare av skadane.

— Eg fattar ikkje kvifor israelarane bomba Rashidie, for det er ingen frå Hizbollah i leiren. Dei som bur der trur det var fordi bakeriet leverte brød til omkringliggande landsbyar.

Enkelte Gunhild har snakka med meiner det var feilbombing. Andre hevdar at granatane trefte for presist til at det kan vera tilfelle.

— Eg veit ikkje kva eg skal tru. Eg er berre veldig glad for at ingen eg kjenner blei ramma, seier ho.

Har ikkje statsborgarskap

Gunhild fekk vita om angrepet via ei tekstmelding frå Bassel. Dei sender fleire tekstmeldingar til kvarandre om dagen.

— Heldigvis har han mobildekning. Men leiren har berre straum seks timar om dagen, så det er ikkje så lett å få lada telefonen. Derfor blir det lite ringing, fortel ho.

Gunhild og Bassel gifta seg så raskt for at han skal kunna koma til Noreg. Han er fødd og oppvaksen i flyktningleiren, og har ikkje pass. Dermed er det svært vanskeleg for han å få visum.

  • Palestinske flyktningar som er muslimar får ikkje statsborgarskap av den libanesiske stat. Mange vil ikkje ha det heller, fordi dei er redde omverda vil tru at dei godtar at det ikkje er oppretta ein eigen palestinsk stat, seier Gunhild.

No anar ho ingenting om når ho får sjå sin kjære igjen.

— Bassel kjem seg ingen veg. I tillegg veit me ikkje eingong om me er lovleg gifte. Vigslepapira våre ligg på eit kontor ein eller annan plass i byen Tyr, der me gifta oss. Men me veit ikkje om det er mogleg å få tak i dei.

- Urettferdig

Gunhild blei evakuert frå Libanon saman med Jenny Rømo og venninnene Lisa Engervik (27) frå Lindesnes og Lene Nordli (26) frå Grimstad. Dei fekk plass på eit fransk cruiseskip, som frakta dei frå Libanon til Kypros. Sist laurdag kom dei seg med fly til Noreg.

— Alt saman var så uverkeleg. Berre fordi me var norske fekk me plass på cruiseskipet. Der fekk me flott lugar og all den maten me kunne ønskja oss. Inne på land hagla bombene, og lokalbefolkninga har inga moglegheit til å koma seg derifrå.

Alle dei fire kvinnene studerer eller arbeider til dagleg i Bergen. Gunhild planlegg å ta mastergrad i historie.

— Bassel og eg tenkte at han skulle koma til Bergen, og at me iallfall skulle vera her til eg er ferdig med studiane. No er alle planane lagt i grus.

  • Men eg håpar alt endar godt til slutt, og at han kjem seg til Noreg, legg ho til.
Odd Mehus