Bileta av kvinner i Kabul som har kasta den obligatoriske, tildekkande klesdrakta etter at byen fall og Taliban flykta har gått verda rundt. Men Afghanistan-kjennaren Astri Suhrke ved Chr. Michelsens Institutt åtvarer mot å overdrive kor viktig akkurat dette er.

— Det er rett at Nordalliansen har hatt ein mindre rigid haldning til kvinner. Men liberale er dei på ingen måte. Og målet med krigen og USAs bombing har aldri vore å hjelpe afghanske kvinner, det må vi ikkje gløyme, seier Suhrke.

Ho sit for tida i Washington DC og skriv på ein rapport om kva FN kan lære av erfaringane frå land som Kosovo, Aust-Timor og Somalia når gjenoppbygignga av Afghanistan skal ta til.

Å tru at mindre strenge reglar for klesdrakt er avgjerande for afghanske kvinner vil vere å misforstå, meiner Suhrke.

— For dei fleste er burkaen eit spørsmål om tradisjon, og dei opplevde ikkje Talibans reglar som spesielt restriktive. Mange kunne aldri tenkje seg å gå med noko anna, seier Suhrke.

Annleis i byane

Ho var seinast i vår på ei reise i Afghanistan, der ho intervjua mange kvinner.

— For dei var mat og tryggleik for dei sjølve og familien det absolutt viktigaste, etter mange år med krig og elende. I den samanhengen vart reglar om klesdrakt heilt underordna, seier Suhrke. Dei kvinnene som før Taliban gjekk utan den tradisjonelle klesdrakta, budde stort sett i byane.

— Det tok til i 20-åra i middelklassen, og utvikla seg parallelt med at kvinnene fekk gå på universitetet og kome ut i arbeidslivet. Frå 70-talet kunne ein sjå kvinner i korte skjørt, med høge hælar og utan tildekt hovud i byane, seier Suhrke.

Kommunistane gjekk først

Paradoksalt nok var det det forhatte, sovjetkontrollerte kommunistregimet som kjempa hardast for kvinners rettar i Afghanistan.

— Dei signerte til og med ein internasjonal konvensjon for kvinners rettar. Kvinner vart dratt med i det politiske livet, og dei vart oppmoda til å ta utdanning. Mange vart lærarar og legar, og det var til og med ei eiga avdeling i hæren med kvinnelege elitesoldatar, seier Suhrke. Det var denne gruppa kvinner som fekk lide mest då Taliban tok over roret.

— Men den enorme fokusen i Vesten på kvinners rettar i Afghanistan ser eg som eit ledd i kampen mot Taliban. Vi har ikkje hatt same fokus på desse rettane i andre muslimske land der kvinnerettar heller ikkje har stått sterkt, seier Suhrke.

Ho trur utviklinga framover vil vere avhengig av om dei mange eksilkvinnene som var aktive kvinnepolitisk før Taliban tok over, vender attende.

— Krigsherrane i Nordalliansen har ingen kvinnepolitiske mål. Men desse eksilkvinnene kan få innverknad dersom dei engasjerer seg, seier Suhrke.

Ikkje alltid undertrykkande

Også sosialantropolog Berit Thorbjørnsrud ved Universitetet i Oslo meiner burkaens undertrykkande sider blir overdriven i Vesten.

— Det er bestemt andre ting som blir sett på som vanskelegare blant kvinnene enn kravet til klesdrakt. I tillegg til alt krigen har ført med seg, kjem forbudet mot skulegang og utdanning for jenter, seier Thorbjørnsrud.

Ho er opptatt av at den islamske tradisjonen for at kvinner skal dekkje seg til ikkje treng ha noko undertrykkande ved seg.

— Den islamske klesdrakta med stramt knytta hovudsjal som dekkjer hår, skuldre og bryst, utvikla seg for eksempel blant kvinnelege studentar ved islamske lærestader i 70-åra.

Drakta kom som ein protest mot dei vestlege moteideala som var i ferd med å spreie seg, og var uttrykk for eit personleg ønske om å markere avstand til dette, seier Thorbjørnsrud. Ho understrekar også at reglane ikkje berre gjeld kvinner.

— Dei regima som har strengast reglar for kvinner, for eksempel Saudi-Arabia, Taliban og Iran, har også strenge reglar for korleis menn skal vere kledd og tildekt, seier Thorbjørnsrud.