Samarbeidsavtalen skal signerast av president Hamid Karzai og statsminister Jens Stoltenberg fredag, under ein seremoni i Oslo.

Den nye avtalen inneber at Noreg og Afghanistan inngår eit såkalla "strategisk partnerskap". Avtalen omfattar både bistand, politisk og økonomisk samarbeid, og hjelp med å byggje eit godt styresett.

Regjeringa forpliktar seg til å halde utviklingshjelpa på eit høgt nivå også etter 2014, når dei internasjonale ISAF-operasjonane i Afghanistan skal avsluttast og dei aller fleste utanlandske kampstyrkane forlèt landet.

Lovnad for 2015–2024

Karzai-regimet har ikkje berre vore heilt avhengige av militær hjelp utanfrå for å halde på makta. Den afghanske staten er fullstendig avhengig av milliardbistand frå Vesten for å halde hjula i gang. Ikkje minst den store hæren og politistyrken som er under oppbygging er eit pengesluk for det utfattige landet.Noreg skal forplikte seg til å støtte Afghanistan inn i det som blir kalla "transformasjons-tiåret", perioden 2015–2024. Det vil blant anna skje ved å støtte oppbygginga av den afghanske hæren og det afghanske politiet. Noreg har også tidlegare forplikta seg til dette, på NATO-toppmøtet i Chicago. Det vart det lova 150 millionar kroner i året til tryggingsstyrkane framover.

Støtte til fredsarbeid

Bergens Tidende veit at Noreg også vil forplikte seg til å støtte den regionale fredsarbeidet vidare. Noreg har saman med Tyrkia vore ein pådrivar i den såkalla Istanbul-prosessen, som skal prøve å betre forholdet mellom Afghanistans naboland. Bakgrunnen er ei forståing av at det ikkje vil bli fred i Afghanistan dersom ikkje land som Iran, Pakistan og India bidreg.

Afghanarane også får lovnad om hjelp til oppbygging av statsapparatet, og til utdanning og landsbyutvikling. Minst halvparten av den framtidige bistanden skal slusast gjennom det afghanske statsbudsjettet. Karzai-regimet har lenge klaga over at utanlandske donorar kjører sine eigne prosjekt i landet, utan at afghanarane sjølve får styre prioriteringane eller får hand om pengane. Eit argument imot å føre pengane inn i afghanske budsjett, er den massive korrupsjonen som rir staten på alle nivå.

Etter det BT kjenner til, legg den nye avtalen opp til at minst 80 prosent av den norske bistanden skal gis i tråd med dei overordna planane til den afghanske regjeringa.

Hjelp med olje og gass

Det skal vere Karzai-regjeringa som har pressa på for å få på plass avtalen. Dei har tidlegare inngått liknande partnerskap med blant andre USA, Storbritannia, Tyskland og Frankrike.

— Eg trur bakgrunnen er finanskrisa. Afghanarane ønskjer å kunne gå på enkeltland i framtida, og ikkje berre støtte seg på avtaler inngått i internasjonale fora og på donorkonferanser, seier Arne Strand, Afghanistan-forskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI).

Afghanarane vil også bli lova støtte i arbeidet med å forvalte naturressursane. Landet har store mineral-, olje- og gassreservar, og Noreg har også tidlegare vore inne og hjelpt dei med å etablere eit lovverk for desse.

Afghanarane gir klare lovnader gjennom signeringa: Menneskerettane generelt, og kvinners rettar spesielt, skal sikrast, korrupsjon skal slåast ned på og skattar skal krevjast inn. I botnen ligg ein avtale som vart inngått i Tokyo i sommar, der klare vilkår vart fastlagt for den vidare bistanden til landet. Korkje Statsministerens kontor eller Utanriksdepartementet ønskte i går å svare på spørsmål om avtalen.