Ein dyrevernkontroll i ytre Sogn i november 2006 fekk eit tragisk utfall. Kontrollørane fann ein underernært storfebestand – og hønsebestand som levde i uverdige forhold. To av dyra var daude og resten måtte sendast til tvangsslakt.

– Trasig oppleving

– Det er ei trasig oppleving å sjå slik, seier Per Stuahug, leiar i dyrevernnemnda. Han seier ei slik sak er svært sjeldan og alvorleg. I følgje tiltalen var verken vedlikehald, reinhald, tilsyn, stell eller veterinærbehandling på stell i fjøset.

Må i retten

Neste veke må bonden måta i retten, tiltalt for brot på dyrevernlova.

Forsvarar, Ivar Blikra, legg trykk på at det er ein del personlege forhold i saka som bør koma fram.

– Det ligg ikkje i informasjon i saka om at politiet har vurdert helsesituasjonen til klienten min, seier Blikra.