På den toppolitiske internasjonale scena spelar dei krigsspel. Men ved United World College i Fjaler, eit verdssamfunn i miniatyr, har Bonnie frå USA, britiske Christopher, Donia frå Israel og jordanske Hamzah funne saman. Dei seier nei til at militærmakt skal løyse krisa.

Saman med rundt 80 medstudentar og ti lærarar reiser dei laurdag til Bergen for å ta del i fredsmarkeringa. Studentane har sjølve organisert turen som blir betalt av eigen lomme. Dei med bra råd har betalt ekstra for at medelevar som har lite å rutte med også kan vere med.

I tillegg kjem fleire elevar til å vere med på ei tilsvarande markering i Førde.

Brennande tema

Studentane på Hauglandssenteret ved Flekkefjorden kjem frå kring 80 nasjonar i alle verdshjørne. I det internasjonale miljøet blir alle fasettar av konflikten spelt ut. Standpunkta hos studentane er like sprikande som i verdssamfunnet. Frå dei som meiner at USA/Storbritannia må aksjonere utan FN-støtte. Til at krig aldri er løysinga.

Sidan i haust har Irak-krisa vore det mest brennande dagsaktuelle temaet på United World College i Fjaler. Leiaren i elevrådet ved skulen, Christopher Jones, fortel at problemstillingane er omhandla i to større samlingar. Seinare har faren for krig blitt diskutert ei rekkje gonger. Engasjementet har vore stort mellom elevane.

Kjenne på kroppen

Bonnie Swift har teke eit klart standpunkt mot krigsplanane til si eiga regjering:

— Det er ikkje så lett å vere frå USA i desse dagar, sukkar ho. - Å seie at eg er mot krig er ikkje så vanskeleg. Men samstundes er eg glad i min eigen heimstad og mitt eige land.

— Ville meiningane dine vore annleis om du hadde vore i USA no?

— Eg var klar over at mi eiga regjeringa gjorde feil før også. Men feila eg såg USA gjere før, hadde liksom så lite med meg å gjere. Eg trur ikkje vi lærer å forstå slikt, før vi møter folk som kjenner det på kroppen.

Israelske Donia Abbas har det heller ikkje enkelt. Ho fryktar ein storstila militæraksjon kan gjere at krigen spreier seg til eit langt større område.

— Eg trur ein krig mot Irak vil audmjuke den vanlege arabar.

Saddam ingen helt

Muslimske Hamza Awad frå Iraks naboland Jordan fryktar krig kan gje flyktningkatastrofe.

— Saddam har gjort veldig mykje gale. Eg trur ikkje folk i den arabiske verda ser på han som ein helt. Men samstundes blir han sett på som den einaste som seier nei til USA, meiner Hamza. Og legg ikkje skjul på at han trur akkurat den innstillinga har gitt diktatoren ein viss status i den muslimske verda.

Om korleis den norske regjeringa har takla krigsfaren, har ikkje elevane greidd å halde så god kontroll over. Då har lærarane klarare meiningar:

— Norge har ein tradisjon som eit fredselskande land. For meg er det trist at den norske stemma ikkje har talt klarare mot krig denne gongen. Og Norges stemme tel, seier sør-afrikanaren Gunvant Govindjee som lærer UWC-elevane om menneskerettar.

Folkets røyst

Dei som stiller på Torgallmenningen eller i Førde for å ta avstand frå krig mot diktatoren i Bagdad, håpar eit sterkt folkeleg engasjement skal hindre væpna konflikt.

— For ein som var ung under Vietnam-krigen er kanskje det gledelegaste å sjå at engasjement framleis nyttar. Initiativa frå Frankrike og Tyskland ville aldri komme utan folkeleg krigsmotstand. Også Bondevik er blitt meir usikker i stemma dei siste vekene, konstaterer lærar Håkan Danielsson.