– Eg hugsa at mamma hadde kjøpt noko veldig sterkt lim og tenkte at dei ikkje kunne tvinge meg til å gå på skulen dersom eg limde meg sjølv fast til senga, fortel guten.

Då Sandra Palacio skulle jaga sonen Diego ut av senga, fann ho til sin store skrekk at han hadde brukt superlimet til å lime fast den eine handa til ein sengestolpe av metall.

I to timar prøvde ho å få han laus før ho måtte gi opp, og politi og ambulanse vart tilkalla. Medan redningsmannskapa rusta med kjemiske løysemiddel jobba på spreng, kosa Diego seg med teiknefilmar på TV.

– Eg skjønar ikkje korleis dette kunne skje. Han er jo ein snill gut, sa mor hans då limet til slutt vart fjerna. Diego vart straks sendt til skulen.

(NPK–NTB–AFP)