Den norske ambassaden i Beijing har sett inn store ressursar for å finne tre norske studentar, som var på fottur i fjella på grensa mellom den jordskjelvråka Sichuan provinsen og Yunnan-provinsen i Kina.

Minst ein av dei er studentar ved Universitetet i Bergen, fortel professor Gunnar Håland.

– Det siste eg høyrde var at han skulle dra på ein tur til Lake Lugu, seier Håland.

26-åringen studerer antropologi, og er ved Yunnan Nationalities University i Kunming som eit ledd i eit utvekslingsprogram mellom Universitetet i Bergen og kinesiske universitet.

Ifølgje VG Nett hadde dei tre med seg telt, soveposar og mat for mange dagar.

– Viss dei var i sjølve Lake Lugu-området er det ikkje problematisk, fordi husa der liknar på gamle norske laftehus med to, toppen tre etasjar. Om dei har gått i fjellet, så ville dei nok også ha budd i liknande hus hjå lokalbefolkninga. Så eg trur ikkje det er noko fare, seier Håland.

**Les også:

— Nesten 29.000 omkomne**

En mann går gjennom ruinene av en bygning i den jordskjelvrammede byen Beichuan i Kina. Mannen leter etter sin åtte år gamle datter som er savnet etter at en skole raste sammen i byen etter jordskjelvet mandag.
SCANPIX