Kvinna, som er 22 år gamal, kjørte utfor vegen då ho var på Farsund bru. Bilen hennar, ein Audi, hamna på taket i Movatnet, men kvinna kom seg ut med eiga hjelp og sumde i land. Ho vart sendt til Sentralsjukehuset i Førde med lettare skadar, og er no innlagt ved vanleg avdeling.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.10. Dei veit enno ikkje årsaka til at kvinna hamna i vatnet, men har mistanke om at ho var rusa.

– Det er ikkje glatt på staden, og ulukka skjedde ein stad der fartsgrensa er sett ned til 40 km/h, seier Olaug Holme, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

RETT I VATNET: Kvinna klarte å kome seg ut av bilen med eiga hjelp.
Terje Ulvedal