VIDAR YSTAD

Dette seier tidlegare assisterande utanriksråd, Torild Skard, til Bergens Tidende.

UD blir nå kritisert for å vere fjern, lukka, lite tilgjengeleg og til dels arrogant. Denne kritikken er det overlevande og pårørande etter flodbølgjekatastrofen som har framførd.

Fleire som kjenner UD-systemet frå innsida og som Bergens Tidende har snakka med, kritiserer organiseringa, den strengt hierarkiske styringa av UD og ein lukka kultur.

Ein av desse er tidlegare redaktør Per Brunvand. Han slutta i UD i fjor sommar etter 12 år i UD-systemet, av denne tida ni år ved ambassaden i Helsingfors.

— Sjå til Finland

Til Bergens Tidende seier Brunvand:

— Eg har mest sett dette frå «utsida», frå ambassaden i Finland. Det er ein stor skilnad mellom finsk og norsk UD. I Finland blir UD-tilsette, både embets- og tenestemenn oppfordra til å delta i samfunnsdebatten med eigne meiningar. Dei blir ofte nytta som ekspertkommentatorar i radio og tv om forhold ute i verda. I Noreg er det berre pressetalsmannen eller den politiske leiinga i UD som kan uttale seg. Dette blir handheva strengt. Her har vi utan tvil noko å lære.

— Praksisen i Finland verkar inspirerande og motiverande internt i UD. Det skaper større vitalitet i organisasjonen og folk opplever sterkt å vere med. Eg trur også at informasjonen er blitt betre. I Noreg er systemet at det er pressetalsmannen som må innhente opplysningar frå dei som har kunnskapen. Mykje kan då gå tapt. Ikkje eingong ambassadørane som skriv innsiktsfulle rapportar, får uttale seg utan å ha fått grønt lys heimanfrå. Vi har utan tvil noko å hente ved å fylgje den finske kursen, seier Brunvand.

Fleire kjelder peikar på at er det stor skilnad i kva det er status å arbeide med: Tryggingspolitikk og Europa-spørsmål rangerer høgt på statuslista. Presse, kultur, u-hjelp og naudhjelp har liten status.

Verda - ikkje organisasjon

— Ministeren er oppteken av verda - ikkje av organisasjonen. Det overlet personalforvaltninga i stor grad til den administrative leiinga. Dette poenget blir forsterka dersom utanriksministeren kjem utanfrå og dermed ikkje kjenner «huset» og organisasjonen. Blir han rekruttert frå UD sine eigne rekker, kjenner han huset, men har på den andre sida også framtidig karriere i UD-systemet å ta omsyn til. Det kan leggja band på handlingsromet ministeren gjev seg sjølv.

Dette seier Torild Skard til Bergens Tidende. Ho er tidlegare assisterande utanriksråd og var den første kvinne i ei ekspedisjonssjefstilling i UD. I dag arbeider ho ved NUPI, Norsk Utanrikspolitisk Institutt.

UD skil seg ut

Ho meiner UD er prega av ein lite open kultur. Det er lett å bli sett på sidelina med klare konsekvensar for karrieren, «parkert», og det er lite sjølvkorrigering. Fagforeiningane er svake.

— UD skil seg på avgjerande vis frå dei andre departementa. For det første har UD to kategoriar tilsette, flyttepliktige - som i einkvar samanheng utgjer «kremen» - og ikkje flyttepliktige. Det skal fortrinnsvis vere ein flyttepliktig som leier avdelingane, uavhengig av om vedkomande har gode administrative eigenskapar eller ei.

Rekrutteringa

Det byrjar alt med rekrutteringsprinsippet: aspirantkurset. I neste omgang gjeld det aspirantkullet. Dei som går på same kull fylgjer nøye med i korleis karrierestigen utviklar seg for dei andre på kullet. Får ein «opprykk» «utanom tur» eller «før tida» skaper det ugreie. Det gjeld i endå høgare grad når det ein sjeldan gong blir rekruttert inn nokon utanfrå som ikkje har gått den vanlege vegen gjennom aspirantkurset.

Dette skaper eit heilt spesielt klima, seier Torild Skard.

Ho meiner at måten flytteplikta blir praktisert på inviterer til til å framelske generalistar framfor spesialistar. Det inneber ei nedvurdering av fagkompetanse og inneber at viktige ressursar ikkje blir utnytta på best mogeleg måte.

— Nedvurderinga av fagkompetanse inviterer og inspirerer ikkje medarbeidarar til å skaffe seg spesialkompetanse. Effekten er motsett ettersom folk med fagkompetanse ikkje får utnytta denne kompetansen avdi systemet vil ha generalistar. Denne utviklinga er forsterka dei seinare åra, seier Skard.

Utanriksråden

Nok ein gong er den mektige utanriksråden, Bjarne Lindstrøm, i sentrum for merksemda og kritikken.

I 1997 gjekk det så langt at organisasjonane i UD saman sendte brev til dåverande utanriksminister Bjørn Tore Godal. Skyteskiva var Bjarne Lindstrøm, sjølv tidlegare leiar av NTL (Norsk Tjenestemannslag) si avdeling i UD. Bakgrunnen var at organisasjonane opplevde at dei ikkje vart tekne på alvor i tilsettingsprosessar, at heile deltakinga var fiktiv.

Den gongen fekk BT referert denne utsegna frå Godal: «Livet er for kort til å bruke tid på personalspørsmål i UD.»

Godal engasjerte seg ikkje. Det har heller ikkje Jan Petersen gjort.

Makt

Ein tidlegare sentral UD-mann, som arbeidde meir enn ein mannsalder i UD, gjev denne kommentaren til Bergens Tidende, når det blir snakk om utanriksråden:

— Motgang kan dei fleste tole. Men skal du verkeleg sjå kva som bur i eit menneske, skal du sjå korleis det ter seg når det får makt.

Ein tidlegare statssekretær i UD gjev eit anna bilete av utanriksråd Lindstrøm enn det gjengse:

— Han har stor handlekraft og stor gjennomføringskraft. Han har nok tråkka mange på tærne. Han meinte at mange har gode dagar i UD-systemet. Samstundes fnyste han av folk som var utestasjonert og sa dei ikkje ville heim, og av haldningar som gjekk ut på at målet var å bli ambassadør i Washington på kortast mogeleg tid.