Namn: Ståle Ulriksen.

Stilling: Forskar og assisterande direktør ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt.

Sak: Krig i Midtausten.

— Det er Hizbollah og Hamas - eller den palestinske regjeringa - som står mot Israel. Og staten Libanon blir ein part i og med at Israel går til åtak. I tillegg er det band til Syria og Iran.

- Kva kan partane oppnå med militære middel? - Det lurer eg på og. Det vi kan vere rimeleg sikker på er at Hizbollah og Hamas var sikre på korleis Israel ville reagere på angrepa. Dette er ein ganske medveten provokasjon. Målet er å gjere det så ille at moderate krefter vert skuva til side.

- Korleis kan Hizbollah skade Israel? - Hizbollah kan skyte ganske mange rakettar over grensa. Det er i røynda småting, med dei skaper frykt. Det at Hizbollah skyt rakettar på den tredje største byen i Israel vil truleg gi Hizbollah ganske stor prestisje i arabiske land.

- Korleis kan Israel skade Hizbollah? - Når Israel hamrar laus i blinde på denne måten her ... eg kan nesten ikkje sjå kva dei kan oppnå. Israel kan på kort sikt øydelegge delar av Hizbollah sin militære organisasjon. Det er nesten uråd å øydelegge ein geriljaorganisasjon som har folket på si side. Den type militært utstyr som Hizbollah har er ting som lett kan erstattast. Ein drep kanskje nokre Hizbollah-soldatar, men det blir oppvege av at Hizbollah truleg vil få større rekruttering dersom dei ønskjer det.

— Det er mangel på realitetssans på begge sider. Korkje Israel, Hizbollah eller Hamas kjem til å forsvinne.

- Kva slags folkerettsleg status har ein Hizbollah-soldat? - Det er litt opp til Israel. Hizbollah-styrkane er ikkje ein del av den libanesiske hæren. Samstundes har ikkje libanesiske hærstyrkar teke kontrollen over grenseområdet frå Hizbollah. Statusen til Hamas sine styrkar er heller ikkje avklara i Palestina. Både Hamas og Hizbollah seier dei skal behandle sine fangar i samsvar med Geneve-konvensjonen. Israel er truleg interessert i å definere Hizbollah-soldatar som terroristar. Med godtek Israel dei som soldatar har dei også godteke motparten som ein legitim aktør.

- Kva for grenser set folkeretten for Israels maktbruk? - Prinsippet om proporsjonalitet betyr at ein skal svare med tiltak som står i samsvar med det ein sjølv er blitt utsett for. Den grensa har Israel gått over.

- Korleis er det militære styrketilhøvet mellom Israel og Israel sine potensielle fiendar samla? - Dersom vi skal telje de samla militære styrkane i arabiske land opp mot Israel så den størst hos dei arabiske landa. Men dei arabiske landa har sjeldan klart å samarbeide militært. Israel har likevel større militær kapasitet for krigføring då styrkane er betre trent og betre leia. I høve til land som Libanon og Syria har Israel og langt meir moderne våpen og våpensystem. Det gjer Israel til den militært sterkaste makta. Ein må og ha i mente at Israel er den einaste atommakta i området.