Stadig fleire hevdar at Stortinget har gjort for dårleg jobb med utforminga av rasismeparagrafen når domstolane ikkje kunne bruka han i Beheim Karlsen-saka.

Der er særleg kravet om at dei rasistiske ytringane skal vera framsett for ålmenta som er vanskeleg. Få personar høyrde kva som vart ropt då den indiskfødde 17-åringen vart jaga mot elva seint på kveld. Og i hyttene i Hafslo som fungerte som elevinternat vanka eit lite tal personar.

Bistandadvokaten til Beheim Karlsen-familien, Gunnar Solbraa, er blant dei som krev lovendring dersom det må til for at lova skal råka former for rasisme som det opplagt var meininga at ho skulle råka.

Solbraa har i eit brev til Statsadvokaten bede om ny etterforsking med sikte på drapstiltale. I same brevet ber han om klargjering av rasismeparagrafen.

Brot på paragrafen er prøvt for retten i Beheim Karlsen-saka. Dei tiltalte vart frifunne på dette punktet, men dømde til høvesvis tre og eitt års fengsel etter andre paragrafar. Lagmannsretten har sett sluttstrek. Lovendringa som er på trappene, får ikkje tilbakeverkande kraft, men rasismen den Beheim Karlsen vart utsett for i Sogndal, kan heretter bli straffbar.

— Det trengst ei klargjering slik at lova råkar kvardagsrasisme og andre former for rasisme slik meininga mest truleg var, seier Solbraa til Bergens Tidende.

— Klandrar du domstolane eller Stortinget, som formulerte lovteksten?

— Begge. Eg synest at heradsretten har ei streng tolking, og at lagmannsretten burde ha tillate prøving i høgare rett. Høgsterett kunne ha opna for ei vidare tolking. Men no er det viktig at lova vert endra, seier advokat Solbraa.