VIDAR YSTAD

Oslo

Det opplyser ei sentralt plassert kjelde i Nederland, som ikkje vil bli identifisert, til Bergens Tidende.

Bergens Tidende fortalde sist laurdag at USA har innførd ei lov som opnar for å ta i bruk alle middel for å setje fri amerikanske borgarar som måtte bli utlevert og stilt for retten i den nye internasjonale straffedomstolen, ICC, som er oppretta i Haag. «Alle middel» inkluderer væpna styrkar.

Lovvedtaket, som vart signert av president George W. Busch 2. august, har vekt reaksjonar verda over.

Fleire medlemer av utanrikskomiteen på Stortinget gjev overfor Bergens Tidende uttrykk for at dei er forferda over den nye amerikanske lova.

Ikkje protestert

— Vi er fullt klar over det amerikanske lovvedtaket som opnar for å bruke militær makt for å setje fri amerikanarar. Det var stor overrasking både i den nederlandske nasjonalforsamlinga og i opinionen då lova vart behandla og passerte den amerikanske kongressen. Overraskinga var ikkje mindre ved at USA er ein alliert gjennom NATO, seier den same kjelda, og held fram:

— Vi har likevel ikkje protestert. Grunnen er at vi trur at det aldri vil bli ein realitet at USA vil ta i bruk slike middel. Vi ser det som ein «teoretisk mulighet». Den amerikanske haldninga til domstolen er godt kjend. Vi har også notert oss at USA freistar å få avtalar med fleire land som skal hindre utlevering av amerikanske borgarar til den nye domstolen. Ekspertar i Haag og andre stader i verda meiner dessutan at det er svært lite sannsynleg at amerikanske statsborgarar vil bli stilt for den nye domstolen.

Veit ikkje når

— Vi arbeider også med å få ei felles haldning frå EU overfor dei amerikanske reaksjonane og haldningane til domstolen. Men eg kan ikkje seie noko om når og korleis dette vil kome til uttrykk.

— Kva trur du signaleffekten av dei amerikanske tiltaka mot domstolen vil vere for domstolen sin posisjon?

— Det har eg ingen kommentarar til. Som vertsnasjon for domstolen som FN har oppretta, står vi sjølvsagt heilt og fullt bak domstolen. Vi er samstundes opptekne av å opptre balansert. Nå er det mange praktiske spørsmål og oppgåver som må løysast for å få domstolen i gjenge.

Ny avtale

USA fekk tysdag til enda ein avtale om immunitet for amerikanske statsborgarar, denne gang med Tadsjikistan. Avtalen som vart underteikna i Tadsjikistans hovudstad Dusjanbe, er den fjerde USA får til etter press mot resten av verda. Tidlegare har Israel, Romania og Øst-Timor lova ikkje å utlevere amerikanske statsborgarar til den nye internasjonale straffedomstolen som USA er sterk motstandar av.