13. juli i fjor fekk Anne Cecilie Hopstock (ACH) beskjed frå UD om at ein ville stille i utsikt «løpende vurdering av konsulære tjenester dersom barna rømmer fra far».

**Les BT-leder:

De umulige familiekrisene**

Ny rømming Dette kom som svar på spørsmål frå Hopstock om barna kunne takast inn i residensen ved behov. Ho ville vite korleis utanrikstenesta kunne hjelpe barna dersom dei skulle røme igjen. UD sitt svar var at ein ville vurdere det dersom ein slik situasjon skulle oppstå igjen, ut frå forholda slik dei då måtte vere.

Det framgår av opplysningar Bergens Tidende nå har fått frå UD.

BT har fått tilgang til ei sterkt sladda kronologisk framstilling av kva som har skjedd i saka frå UD og ambassaden si side heilt sidan hausten 2007. På grunnlag av opplysningar i dette notatet har BT stilt UD ei rad nye spørsmål.

UD opplyser nå at det i juni 2009 var fleire møte mellom Hopstock, «tryggingsrådgjevaren» hennar («Petter») og ulike representantar frå den norske ambassaden i Rabat. Møta vart haldne i ambassaden. I somme møte var det ein representant frå ambassaden, i andre møte deltok fleire frå ambassaden.

— Forståing eller forventning Leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen på .Stortinget, Ine Marie Eriksen Søreide (H), seier til bt.no at ho er overraska over dei nye opplysningane.

— Mykje tyder nå på at det vart skapt ei forståing eller forventning om at dersom det blei ei ny rømming, ville ein kunne rekne med at barna kunne få opphald i ambassaden, seier Søreide.

— Det er også overraskande at ikkje UD tidlegare har lagt det notatet BT har fått tilgang til, fram for Stortinget som vedlegg til svar på spørsmål Stortinget har stilt. Eg vil nå be UD om å få oversendt notatet, seier Søreide.

Av notatet framgår det at ACH har hatt ein telefonsamtale med UD 13. juli 2009: «ACH sterkt urolig for barnas sikkerhet, spør om barna kan tas inn i residensen ved behov. Dette avslås, men det stilles ...... i utsikt løpende vurdering av konsulære tjenester dersom barna rømmer fra far.»

«Økende bekymring» «Situasjonen før barnas andre flukt: tett kontakt mellom utenrikstjeensten og AC Hopstock og advokaten, håp om framgang det rettslige spor, økende bekymring for barnas sikkerhet og sikkerheten for ambassadens personell........»

BT har spurd UD om kva som ligg i formuleringa «løpende vurdering av konsulære tjenester dersom barna rømmer fra far»?

Svaret frå UD lyder slik:

«Barna hadde ved en tidligere anledning rømt fra sin far og anmodet om utenrikstjenestens bistand. Hopstock ønsket å vite hvordan utenrikstjenesten vile kunne bistå barna dersom de skulle rømme igjen. Utenriksdepartementets svar var at man ville vurdere dette dersom en slik situasjon skulle oppstå igjen, ut fra de omstendigheter som da eventuelt ville være gjeldende.»

- Til disposisjon» KrF sin parlamentariske leiar, Dagfinn Høybråten, har også fått sjå det materialet BT har fått tilgang til, notatet frå UD og svar på ytterlegare spørsmål.

— Dette svaret tyder på at utanrikstenesta har vore involvert djupare og stilt seg til disposisjon på eit langt tidlegare tidspunkt.enn det vi har fått inntrykk av hittil, seier Høybråten. Han er også medlem av utanriks- og forsvarskomiteen.