— Vi veit ikkje korfor førekomsten sesongvarierer så sterkt. Brennmaneta er eit artig og elegant dyr som det blir forska lite på, seier marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet.

I fjor sommar var det så store mengder brennmanet langs kysten frå Vestlandet til Oslofjorden at den til og med tetta til kjølevatninntaket på båtar og forårsaka motorstans på ferja mellom Krokeide og Austevoll. I år er det nesten ikkje observert maneter av det frykta slaget på den samme kyststrekningen.

— I Bergen hamn har eg ikkje sett ei einaste i år, ute i Øygarden nokre få, seier Fosså.

Beita ned

— Nokre meiner det har med temperaturforhold å gjera, andre peikar på at manetlarvene som festar seg på sjøbotnen kan bli beita ned av sniglar og andre sjødyr om vinteren, forklarar marinbiologen som i det siste mest har vore oppteken med å kartleggja korallrev langs norskekysten.

Brennmaneta er verdas største polyppdyr - ein ikkjekommersiell skapning som ikkje tiltrekkjer seg særleg forskningsinnsats eller overvaking.

— Manetene har eksistert i millionar av år og er vel verd å studera der dei sym elegant i sjøen, seier Jan Helge Fosså.

— Kan dei dukka opp seinare i sommar?

— Det virkar som om det no er for seint på året til at det skal koma særlege mengder.

30 meter tråd

Brennmaneter lever av plankton og fiskeyngel og kan bli opptil to meter i diameter med 30 meter lange trådar. Dei et også glasmaneter og amerikansk lobemanet, ein manetart som er glupsk på plankton som også fisken i havet lever av.

Dei raude og blå brennmanetene som er vanlege i våre farvatn driv for det meste med sjøstraumen, men sym dessutan sjølv for å regulera djupna. Dei likar seg best i kjøleg sjøvatn.

På brenntrådane sit det nesleceller med ei gift som lammar eller drep plankton og yngel som maneta jaktar på. Denne gifta er det som svir når vi menneske får det på huda. Eit godt råd når ein blir brent av manet er å skylja med saltvatn, utan å gni. Det finst også smertedøyvande salve på apoteket. Kraftige allergiske reaksjonar bør behandlast av lege.

(Kjelde: Havforskningsinstituttet)