Besøket til FN-toppen er av privat karakter, mel-der NRK Fylkesnytt, som ikkje har fått nokon til å stadfeste generalsekretærens sognebesøk offisielt. Årsaka skal vere at Kofi Annan sjølv har bede om å få feriere i ro og fred, i tillegg til at slike uoffisi-elle opphald alltid inneber ein viss tryggleiksrisiko.Ifølgje NRK skal 63 år gamle Ko-fi Annan kome til Balestrand om ettermiddagen tysdag 7. august, saman med den svenske kona si og ein stab av tryggleiksfolk. Følget landar i fly på Flesland i Bergen, før dei same dag blir frakta til Kviknes Hotell i Balestrand med bil eller båt.Det skal vere Kofi Annan sjølv som har plukka ut Balestrand som staden for å sanka krefter. Han og kona var i Norge sist i 1994. Den gongne gjekk dei turar i Jotunhei-men, noko som kan repeterast også i år med Balestrand som utgangs-punkt. Hotelldirektør Sigurd Kvikne i Balestrand vil ikkje ope stadfeste eller avkrefte det celebre besøket. Heller ikkje politimeisteren i Sogn eller fylkesmann Oddvar Flæte vil seie noko om det foreståande besø-ket frå FN-toppen. Men utanriksdepartementet kan stadfeste at Kofi Annan skal på to dagars offisielt besøk til Norge frå 20. til 21.august. Ferien i Bale-strand før dette vil dei derimot ikkje seie noko om, først og fremst av tryggleiksgrunnar, ifølgje NRK.