VIDAR YSTAD

Det er vedtaket om å legge ned det internasjonale pressesenteret i Noreg som er bakgrunnen for skuldingane.

Foreninga til utanlandskorrespondentane (Foreign Press Associaation, FPA) har også sendt klage på vedtaket som dei meiner har skjedd i strid med reglane i forvaltningslova.

Krasse reaksjonar

Avgjerda om å legge ned pressesenteret vart kjent same dagen som statsminister Kjell Magne Bondevik hadde sin oppsummerande pressekonferanse før jul, 21. desember.

Avgjerda vekte kvasse reaksjonar då ho vart kjend. Det vart mellom anna hevda at avgjerda var ytterst kortsynt, ikkje minst i eit år då Noreg feirar 100-års-jubileum som sjølvstendig nasjon. Det vart vist til at utanlandsk presse betyr mykje for biletet og omdøme for Noreg i utlandet.

Mellom andre gjekk utanriksredaktøren i Aftenposten, Nils Morten Udgaard, til frontalåtak mot Petersen. Udgaard som sjølv er tidlegare statssekretær i UD skulda Petersen for dårleg leiarskap og manglande styring av UD.

Internt i UD har det i det siste gått rykte om at avgjerda om å legge ned pressesenteret for utanlandsk presse, ville bli omgjort på grunn av reaksjonane.

Men dette blir avvist av pressetalskvinna i UD, Anne Lene Dale Sandsten. Ho seier til Bergens Tidende at vedtaket står ved lag men at UD arbeider med eit opplegg for framtidig kontakt med utanlandske pressefolk i Noreg.

Spare pengar

Utanriksdepartementet grunngav avgjerda med behov for å spare pengar. Ifylgje statssekretær Sylvi Graham i UD ville nedlegginga føre til ei innsparing på 750.000 kroner for året 2005. Føresetnaden var at senteret vart avvikla frå 1. april.

Og UD si pressetalskvinne, Anne Lene Dale Sandsten, forklarte behovet for innstramming slik, overfor avisa Dag og Tid:

«Stramme budsjettprioriteringar og ei ressurskrevjande hundreårsmarkering gjer at vi ikkje kan bruke to millionar kroner årleg på eit kontor som dagleg blir besøkt av femten journalistar.»