Det svære dyret kom ut av mørkret da Vivian Starheim Ytrehus kjørte bil i nabolaget søndag kveld. Ho var glad ho sat trygt inne i bilen, og rakk å fotografere oksen som stod like framfor panseret på bilen.

– Han ser jo litt skremmande ut, men verka slett ikkje agressiv, fortel ho til bt.no. – Men han har lange, spisse horn, og den kan jo skade barn eller vaksne berre ved å riste litt på hovudet.

Oksen har kome seg ut av det inngjerda beiteområdet, og synes å oppføre seg omtrent som ein hjort. Det inneber at den held seg mest i ro medan det er lyst, og byrjar å vandre når kvelden og mørkret kjem.

– Sjølv om den kanskje ikkje er direkte farleg, så ville eg ikkje likt å støte på den i mørkret. Og eg kan slett ikkje ha med meg hunden på tur i dette området lenger. Da kan det gå heilt gale, seier Starheim Ytrehus.

Ved 16.30-tida måndag fekk eigar Frøydis Torvik Wichne melding frå nokre turgåarar som hadde sett den sakna oksen gå i skogkanten. Ho fekk då hjelp av veterinær til å bedøve oksen, slik at dei kunne frakte den heim til gards, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Også seks mindre oksekalvar er på rømmen i området, og dei er framleis ikkje funne.

PÅ RØMMEN: Oksen er ikkje aggressiv, men kan se skremmande ut.
VIVIAN STARHEIM YTREHUS
VIVIAN STARHEIM YTREHUS
VIVIAN STARHEIM YTREHUS