HANS K. MJELVA

— Eg trur dette er ei handling for å prøve å diskreditere Rebiya Kadeer og hennar familie, seier styreleiar Arne Lynngård i Raftostiftinga.

Ifølgje rapportar frå familie og vener til Kadeer, troppa nær hundre politifolk i går opp utanfor familiens varehus i Urunqi. Dei gjekk så inn i kontordelen og konfiskerte i alt 15 store bossekker med papir.

Klarte å rømme

Dei freista òg å arrestere ein av sønene til Kadeer, men han skal ha klart å rømme inn i ei folkemengd. Han skal no leve i løyndom.

Lynngård trur målet med aksjonen er å finne prov for at ikkje alt er som det skal vere i familieverksemda.

— Dette er truleg ein kampanje frå kinesiske styresmakter for sverte Rebiya Kadeer, seier han.

Familien Kadeer fryktar at dei kinesiske styresmaktene prøvar å øydeleggje familiens levebrød.

— Vi fryktar at fleire familiemedlemmer blir arrestert. Sønene hennar har familie og barn, og dei er redd for kva skjer med barna viss foreldra blir sette i fengsel, seier Lynngård.

UD orientert

Han seier dei enno ikkje har høyrt noko frå dei kinesiske styresmaktene i saka.

— Kva gjer de vidare i no?

— No følgjer vi denne prosessen tett. Vi held kontakt med familien, og orienterer Utanriksdepartementet fortløpande. Det er viktig no å fortelje dei kinesiske styresmaktene at verda følgjer med, og ber om forklaring på det skjer, seier han.

Andre menneskerettsorganisasjonar som Amnesty og Human Rights Watch følgjer òg med, og Lynngård trur òg USA vil protestere på det som skjer. Dei var sentral då Kadeer i mars var slept fri, og sidan frakta til USA.