VIDAR YSTAD

Organisasjonane i UD har aldri hatt interesse av at stillingar som blir ledige ved utestasjonane blir kunngjort offentleg. Tvert om har det som oftast skapt bylgjer internt når det ein sjeldan gong blir rekruttert nokon frå utsida av UD til slike stillingar. Det gjeld anten den som får jobben er tidlegare stortingsrepresentant og/eller statsråd med lang fartstid og brei erfaring.

Melde interesse

Ein gong i året blir det sirkulert ei liste i UD over stillingar ved utestasjonane som ein ventar kan bli ledig.

Deretter kan dei tilsette i UD melde si interesse, gjerne for fleire stillingar og stasjonar, eventuelt i prioritert rekkfylgje. Tidlegare hande det ikkje sjeldan at folk fekk beskjed om at det ikkje var vits i å melde interesse ettersom det var avgjort at andre skulle «ha jobben». Dette skal vere eit tilbakelagt stadium.

På grunnlag av dei «interesseinnmeldingane» som kjem, kan så administrasjonsavdelinga utarbeide ei liste og kven som «bør få kva». Organisasjonane får også uttale seg. Deretter går denne lista til embetsrådet, med partsrepresentasjon, som så innstiller eller avgjer med mindre utanriksministeren har innvendingar. Ministeren kan velje om han vil fylgje avgjerda frå embetsrådet, eller setje avgjerda til sides og velje kven han vil.

«Karrieren»

Organisasjonane har ikkje ynskt open konkurranse om desse jobbane. Dei har i prinsippet meint at berre dei som «har gått karrieren», det vil seie gjennomgått aspirantkurset og fått opprykk etter det, bør kunne konkurrere om slike stillingar.

Konsekvensen av dette, er at tilsettingsprosessen er svært lukka og at det så godt som aldri blir open diskusjon om kriterie og kvalifikasjonar når vala blir fatta.

Eit slikt system gjev mykje meir makt til dei sentrale aktørane i tilsettingsprosessen enn tilfellet er i andre tilsettingsorgan i forvaltninga. Det vil i første rekke seie leiaren for administrasjonsavdelinga og utanriksråden. Kriteria for dei val og tilsettingar som blir gjort, blir tilsvarande meir diffuse og mindre kontrollerbare.

I 1997 sprakk det for organisasjonane. Dei protesterte skriftleg til utanriksministeren.

«Vi opplevde at deltakinga vår i tilsettingssaker var reint fiktiv. Vi heldt oppteljing og konstaterte at vi hadde fått gjennomslag i null saker. Det var då det sprakk» kunngjorde den dåverande leiaren i Akademikernes Fellesorganisasjon overfor Bergens Tidende.

Premiering og sanksjon

Fleire kritikarar som kjenner UD-systemet frå innsida, har dei siste dagane vore ute og kritisert rekrutteringssystemet i UD. Dei har påpeika at systemet i stor grad nyttar premierings— og sanksjonsmiddel når personkabalane skal gjerast opp.

Mange kritikarar meiner også at dette rekrutteringssystemet som nærast blir rekna som heilagt i UD, hindrar at UD i større grad kan dra nytte av den kompetansen som finst i mange av dei andre departementa. Det blir påpeika at det ikkje berre er UD, men heile nasjonen som taper på det.

I praksis er denne ekspertisen utestengd med mindre det er snakk om tilsetting i spesialrådstillingar, som fiskeriråd, forsvarsråd eller likande stillingar ved ambassadane.

Denne kritikken er langt frå ny. Han har vore framførd ved ujamne mellomrom gjennom mange år. Men lite tyder hittil på at organisasjonane og det store grosset av tilsette i UD har noko ynskje om å endre på dette mønsteret sjølv om ulempene bør vere innlysande.