Det vekte difor betydeleg oppsikt då avisa VG torsdag hevda at justisminister Odd Einar Dørum har gjeve amerikansk og britisk etterretning utvida fullmakter til å operere på norsk jord.

Sjølv om Justisdepartementet avviser påstandane, meiner SV at saka må undersøkast nærare.

Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV) som sit i Utanrikskomiteen, fremja torsdag spørsmål til Dørum om realitetane i denne saka.

Og SV-leiar Kristin Halvorsen, som også sit i Utanrikskomiteen, seier til Bergens Tidende at SV ynskjer at EOS-utvalet bør granske saka.

Ikkje informert

Ifylgje VG skal Dørum ha gjeve amerikansk og britisk etterretning utvida fullmakter på vilkår av at han blir informert om pågåande og planlagde etterretningsoperasjonar i Noreg. Avisa hevda også at Justisdepartementet har stilt krav om å førehandsgodkjenne omfattande framand etterretningsaktivitet i Noreg.

Det ville i så fall bety at justisministeren legitimerte operasjonane.

— Dette kjenner eg ikkje til. Dersom det er rett, burde vi ha blitt orientert. Det har ikkje skjedd. Aktivitet frå utanlandsk etterretning og samarbeid mellom norsk og utanlandsk etterretning er problemstillingar som vi er opptekne av og interessert i, seier ambassadør Leif Mevik til Bergens Tidende. Han er leiar for Stortinget asitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet.

BT har grunn til å tru at EOS-utvalet av eige tiltak vil ta opp saka.

Nektar kategorisk

Statssekretær Jørn Holme nektar overfor Bergens Tidende kategorisk for at opplysningane i VG stemmer.

— Vi har ikkje gjeve fullmakt til andre lands etterretningstenester til å operere i Noreg. Vi kjenner ikkje til noko som kan gje grunnlag for slike påstandar og meiner dette er påstandar som er tekne rett ut av lufta, seier Holme.

Påstandane resulterte likevel i omfattande undersøkingar i departementet og overfor overvakinga, PST, for å klarlegge om noko anna nivå i departementet kunne ha gjeve klarsignal til slik aktivitet.

- Svært uheldig

Statssekretær Holme seier til BT at det er andre gong på kort tid at VG kjem med slike påstandar.

— Påstandane er reint tøv. Det er svært uheldig at slike grunnlause påstandar blir fremja, fordi dei kan skape mistanke om at norske styresmakter ikkje har full kontroll og suverenitet på norsk jord. Det er ikkje rett og er i seg sjølv uheldig, seier Holme.

Teoretisk kunne det tenkjast at Forsvarsdepartementet kunne ha vore borti ei slik sak.

Men pressetalsmann Martin Lohne i Forsvarsdepartementet, viser alle spørsmål om temaet til Justisdepartementet, Han viser til at denne typen aktivitet vil vere Justisdepartementet sitt ansvar.

Verving i Risør

Tidlegare i vår kom det fram opplysningar om at amerikanske institusjonar har dreve verving i Noreg før krigen mot Irak. Ein irakar som har vore busett i Risør skal ha blitt verva. Han deltok i krigen i Irak på amerikansk side. For få dagar sidan kom han tilbake til Noreg etter at vart skadd i krigen.

Ifylgje ordføraren i Risør, Lars Lauvhjell, har norske styresmakter, inkludert PST og Utlendingsdirektoratet, vore fullt ut orientert om vervinga.

På denne bakgrunnen har Kontroll- og konstitusjonskomiteen teke opp denne saka.