Frankrike aksepterte i går at Noreg skal ta seg av etterforsking og ei eventuell rettssak mot mannskapet på «Bow Eagle».

Dermed blir det sjøfartsinspektør John Ramsøy i Bergen og Hordaland politidistrikt som får ansvaret for å finne ut kva som hende då «Cistude» vart rent i senk og fire fiskarar omkom.

Ramsøy var i går under vegs for å gå om bord i «Bow Eagle» i Calais, men måtte snu og setje kursen mot Rotterdam då båten gjekk dit for reparasjon og lossing.

Kapteinen går klar

Ramsøy stadfestar overfor Bergens Tidende at det kan bli aktuelt å bruke straffelovas paragraf 314 mot styrmannen. Om liv går tapt, har denne ei strafferamme på seks år for den som ikkje hjelper til etter ein kollisjon til sjøs.

— Men eg vil sjølvsagt gå inn i saka med ope sinn, seier Ramsøy.

Erik Røsæg, professor ved Nordisk Institutt for Sjørett, meiner det ikkje er mogleg å straffe kapteinen eller andre som ikkje var på vakt då ulykka hende. Ei straffesak vil eventuelt rette seg mot den 39 år gamle styrmannen og den 26 år gamle lettmatrosen han hadde med seg på brua.

I tillegg kan reiarlaget Odfjell bli idømt ei kraftig bot som føretaksstraff, fordi dei skuldige var i Odfjells teneste då «Cistude» vart påkøyrt og forlatt.

Aktlaust drap?

Ifølgje professor Røsæg kan fleire paragrafar vere aktuelle i ei straffesak mot dei to som stod på brua. I yttarste konsekvens kan tiltale for aktlaust drap vere aktuelt. Også her er strafferamma seks års fengsel.

Det er først og fremst den 39 år gamle styrmannen som risikerer straff, meiner Røsæg.

— Dersom matrosen skal straffast, må det vere for medverknad som blir ramma av andre paragrafar, seier Røsæg.

Å unnlate å hjelpe etter ein kollisjon er strengt forbode etter internasjonale konvensjonar, og det hender svært sjeldan.

— Eg har aldri høyrt om noko liknande nokon gong, seier Leif Asbjørn Nygård, mangeårig ekspedisjonssjef i skipsfartsseksjonen i Nærings- og handelsdepartementet.

GÅR OM BORD: Franske etterforskere og en advokat for Odfjel klatrer om bord i bergensbåten "Bow Eagle".
FOTO: SCANPIX