VIDAR YSTADOslo

Det fortel Frode Strønen frå Jondal til Bergens Tidende.

Dette skjedde under eit orienteringsmøte under eit vekeslangt kurs for OSSE-observatørar. Kurset vart halde i Pristina i Kosovo i januar i fjor. Med på kurset var 30-40 nye observatørar som skulle få opplæring før dei vart sett inn i teneste i Kosovo.

– Bryskt avvist Desse opplysningane står i grell kontrast til åtvaringa som den amerikanske forsvarsstaben sendte til Europa-kommandoen i NATO 1. juli 1999. Bergens Tidende presenterte denne saka torsdag.

– Eg spurde i plenum om faren ved utarma uran brukt i våpen — korleis det verka. Eg vart bryskt avvist. Det var ikkje noko tema, fekk eg vite. Reaksjonen var slik at det ikkje freista nokon til å fylgje opp, fortel Strønen.

Skulle formidlast vidare Forsvarets overkommando (FO) har lagt til grunn at helseåtvaringane frå den amerikanske forsvarskommandoen vart sendt vidare frå Brussel til KFOR-hovudkvarteret i Pristina.

Det opplyste brigader Kjell Grandhagen til Bergens Tidende torsdag. Han er pressetalsmann i FO.

Grandhagen står fast på dette. Han seier at FO ikkje har noka forklaring på kvifor ein britisk KFOR-offiser har avfeia helseproblema knytt til utarma uran.

Reagerer sterkt Strønen reagerer sterkt etter at åtvaringa som amerikanarane sendte, i juli 1999 nå er blitt kjent.

– Det er berre å konstatere at denne åtvaringa ikkje vart formidla til oss. Vi fekk tvert om den motsette informasjonen. Dessutan er det verd å streke under at sivile feltarbeidarar er mykje meir utsett enn militære mannskap. Dei har verneutstyr. Det har ikkje dei sivile feltarbeidarane. Endå sterkare grunnlag er det til å reagere på vegner av folket som bur i området. Dei skal vere der på permanent basis medan militære og sivile hjelpearbeidarer berre skal vere i området i ein kortare overgangsfase, seier Strønen.

Kjente problemet Strønen fortel at han var kjent med problema med utarma uran frå tidlegare.

– Dersom det skulle vere så uskuldig, er det pussig at amerikanarane bygde sitt eige godt avskjerma skytefelt for å teste ut denne våpentypen i USA. Eg visste også at amerikanarane hadde innført restriksjonar og vernetiltak for sine eigne mannskap for å unngå nærkontakt med restar av utarma uran, seier Strønen.

Skreiv til Løwer Som representant for Miljøpartiet Dei Grøne, tok han opp spørsmålet med dåverande forsvarsminister Eldbjørg Løwer, i april 1999.

I brev av 5. april 1999 skreiv Strønen «Om bruk av radioaktiv panserbrytende ammunisjon» i krigen mot Jugoslavia. Forsvarsministeren svarte i brev av 12. august, etter at krigen var over. Ho kunne då ikkje svare på om slik ammunisjon var nytta i Kosovo. Det spørsmålet måtte rettast til kvart av landa som deltok, ifylgje forsvarsministeren.

Løwer avfeia «Ammunisjon med utarmet uran ansees for å være såpass ufarlig at risikoen for norsk personell i områder der ammunisjonstypen er blitt benyttet ikke er større enn i andre tidligere krigsområder. På bakgrunn av de opplysninger jeg har om ammunisjon med utarmet uran, anser jeg det som ikke aktuelt å ta initiativ, innenfor NATO eller på annen måte, til at slik ammunisjon skal forbys» skreiv forsvarsministeren.