Meir enn 200 juristar har slutta seg til oppropet som vart presentert 14. mai. Mellom underskrivarane er det 10 juridiske professorar, 17 embetsdommarar, 95 advokatar og fleire juridiske utgreiarar i Høgsterett.

— Føremålet med juristoppropet har vore å ta frå Regjeringa einkvar juridisk argumentasjon og legitimitet for avslaget på asylsøknaden frå Vanunu, seier ein av dei 24 initiativtakarane, Fredrik Heffermehl.

Les også: - Ap har svikta Vanunu

Dermed står det att at det er ei rein politisk vurdering frå Regjeringa si side når ein ikkje ynskjer å gje Vanunu opphald.

Aukar trykket

Det aukar det politiske trykket mot Regjeringa i denne saka, noko også nestleiaren i regjeringspartiet SV, Audun Lysbakken, understrekar. Han meiner det er veldig bra at så mange juristar engasjerer seg til støtte for kravet om at Vanunu skal få opphald i Noreg.

— Eg ynskjer sterkt at representantar for juristoppropet tek initiativ til å møte Regjeringa for å legge fram sitt syn på saka, seier Lysbakken.

— Det er ikkje noko vi heller ynskjer, seier Heffermehl. - Men hittil har vi møtt ei kald skulder. Vi oversendte oppropet og ba om eit møte med statsministeren, men har ikkje fått noko svar. Kort tid etter at Jonas Gahr Støre overtok som utanriksminister, kontakta vi Utanriksdepartementet om saka. Men vi har aldri blitt verdiga eit svar, seier Heffermehl.

Mossad-advokat støttar

Mellom underskrivarane er profilerte juristar som advokat Jonas W. Myhre. Han var ein av forsvararane i straffesaka mot Mossad-agentane som likviderte Ahmed Bouchiki på Lillehammer 21. juli 1973.

Les også: - Eg treng hjelp av Noreg

Andre profilerte advokatar som har skrive under er Erik Keiserud. Han har lang fartstid frå Lovavdelinga i Justisdepartementet og Regjeringsadvokaten . Vi finn òg advokatane Cato Schiøtz, Berit Reiss-Andersen, Harald Stabell, Jan Fougner, Harald S. Kobbe og Christian Reusch, dei tre siste med lang fartstid frå regjeringsadvokatembetet.

Eks UDI-direktør støttar

Ein annan interessant underskrivar er lagdommar Arild Kjerschow. Han var i mange år direktør for Utlendingsdirektoratet.

— Eg oppfattar denne saka som veldig spesiell. Det er viktig at eit menneske som har fått og sona straffa ikkje skal bli utsett for ytterlegare reaksjonar etter endt soning, seier han.

Andre underskrivarar er tidlegare ekspedisjonssjef og ambassadør Jon Bech med lang fartstid frå UD.

Sju juridiske professorar var med på det opprinnelege oppropet til støtte for Vanunu. Nå har ytterlegare 10 juridiske professorar slutta seg til kravet. Mellom desse er Johan Giertsen ved UiB og Kåre Lilleholt som tidlegare var ved UiB, nå ved UiO.

Synspunkt? Diskuter saka her!

VIL TIL NOREG: - Eg er veldig glad for støtten eg får frå norske juristar og det norske folket. Eg vil gjerne kome til Noreg. Problemet mitt er den israelske regjeringa som ikkje let meg reise, seier Mordechai Vanunu til Bergens Tidende. FOTO: AP/SCANPIX