Christmas var ein av 799 passasjerar på cruiseskipet «Marco Polo», det første som kasta fangliner på den flunkande nye kaien inst i Lustrafjorden. Det er innmeldt ytterlegare ti anløp denne første sommaren, og til neste år blir det offisiell opning.

Bygdefolket stilte opp

Skjolden opplevde nesten julaftan og 17. mai samstundes i dag. Mange frå lokalmiljøet møtte opp, også skule og barnehage. Og korpset spelte.

Det er lagt ned mykje arbeid med finansiering og bygging av kaien, og å få på plass alt som skal til for å ta i land internasjonale turistar i desse terrortider.

Alt fungerte bra. Kaptein og losar gav gode tilbakemeldingar, blir det fortalt på Luster kommune sine heimesider.

Skålte i champagne og brus

Ordførar Torodd Urnes i Luster vart invitert til kapteinens middagsbord om bord. Det same vart næringssjef Olav Grov, og Iren Vatne, som er både reiselivssjef og hamnesjef i kommunen. Hennar hamnesjefkollega John Johnsen i Aurland var invitert til Skjolden som kunnig fagperson. Han har helsa på cruiseskipskapteinar før, og gjorde det gjerne igjen.

— Eg ser ikkje på den nye kaien i Skjolden som ein konkurrent til Flåm. Fleire kaiar gjer Sognefjorden meir attraktiv, seier Johnsen til bt.no.