Tysdag førstkommande skulle det vore fotballfest i Pristina, Europas ferskaste hovudstad. Eittårsdagen for sjølvstendet frå Serbia skulle feirast med eit oppgjer mellom Kosovos Trepca 89 og Dinamo Zagreb, Kroatias beste fotballag.

Men det blir ingen fotballkamp — ein illustrasjon på at det er grunn til å feire med måte.

Sjølv om 54 land nå har anerkjent Kosovo som ein eigen stat - USA, dei fleste EU-statane, Noreg og mange andre - er det mange fleire som ikkje vil vere med på at Kosovo er sjølvstendig. I EU har Spania, Hellas, Slovakia og Romania sagt nei til anerkjenning. Dei støttar Serbia i at Kosovo er og skal vere ein serbisk provins.

Russland har ført an i motstanden mot lausrivinga. Med fast plass i FNs tryggingsråd blokkerer dei for FN-medlemskap for Kosovo.

På fotballbanen stengjer dette for medlemskap i både FIFA, det internasjonale fotballforbundet, og det europeiske fotballforbundet, UEFA - slik det også fører til isolasjon frå ei rekkje andre internasjonale organisasjonar.

Fattige og isolerte

Vennskapskampen tysdag ville vore symboltung nok: Både Kosovo og Kroatia måtte utkjempe blodige krigar med Serbia for å bli sjølvstendige.

Men Serbia klaga til UEFA på Dinamo Zagrebs reiseplanar, og kroatane bøygde av. Kampen kunne elles ført til utestenging frå UEFAs Meisterliga - og så høgt set dei ikkje vennskapen med Kosovo.

For folket i Kosovo er internasjonal isolasjon, med pass som ikkje blir godtekne av alle, utestenging frå OL og andre plager, berre ein liten del av problema.

Arbeidsløysa er framleis skyhøg og fattigdommen stor. I hovudstaden er straumkutta eit dagleg fenomen, akkurat som for eitt år sidan.

Trass ein brukbar økonomisk vekst på papiret: Dei utanlandske investeringane som alle håpa på når sjølvstendet var sikra, har ikkje vist seg: Dei gjekk tvert imot ned med 80 millionar euro i 2008.

- Ein stor smuglarmarknad

Det er heller ingen teikn til forsoning med Serbia eller dei 100.000 serbarane som bur i Kosovo.

I praksis er Kosovo eit delt land. Regjeringa i Pristina har ingen kontroll med det som foregår nord for elva Ibar, der den største konsentrasjonen av serbarar er å finne.

  • Spørsmålet om statusen til serbarane er like uavklara som før, seier Karsten Friis, Balkan-kjennar og forskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI).

Ein mann som veit det meste om kva dette betyr, er Iver Frigaard, tidlegare antiterrorsjef i Politiets Overvakingsteneste. Sist veke kom han heim etter 16 månader som FNs øvste politisjef i Kosovo. Han hadde ansvaret for heile Kosovos politistyrke: 7000 lokale og 2000 internasjonale politimenn og -kvinner.

— Heile Kosovo er ein smuglarmarknad. Rettstryggleiken er ikkje god, særleg ikkje nord for elva Ibar. Det er gjengar, organisert kriminalitet, storstilt smugling av bensin og andre varer. Kriminelle serbarar og albanarar samarbeider godt, der er det lite fiendskap å sjå, seier Frigaard.

Eitt års politistreik

Før jul i fjor tok EU over det meste av ansvaret som FN hadde hatt, blant anna for politiet. EULEX, som EU-misjonen heiter, er på plass både i dei serbiske og albanske delane av landet, men held ein låg profil i dei serbiske områda.

Kommunestyra der bryr seg ikkje om sentralmakta i Pristina. Dei held seg til Serbia. I den multietniske politistyrken i Kosovo har 300 serbiske politifolk ikkje vist seg på arbeid det siste året. Dei mottar lønn som før, men nektar å underleggje seg kommandoen til regjeringa i Pristina.

— Eg hadde som mål å få dei attende på arbeid, men greidde det ikkje. Det var skuffande, seier Frigaard.

Den ferskaste rapporten frå OSCE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) om Kosovo teiknar eit dystert bilete av den ferske staten:

  • Delinga av landet har i praksis auka, med parallelle strukturar både på politisk og administrativt plan i nord.

***** Det delte skulesystemet, med eigne kosovoalbanske og serbiske skular, er med på å drive dei to folkegruppene frå kvarandre.

***** Rettsvesenet er ikkje til å stole på. Retten til upartisk rettargang blir ikkje sikra.

***** Det er liten framgang å spore i kampen mot korrupsjon, menneskesmugling og organisert kriminalitet.

***** Det er tiltakande politisk innblanding i institusjonar som skal arbeide uavhengig: Rettsvesen, politi, forvalting og media.

Tek tida til hjelp

Sett frå Pristina er lyspunkta at dei har fått både grunnlov, regjering, president, ein liten hær og fleire utanlandske ambassadar i hovudstaden.

Og kanskje viktigast: Året har vore relativt fredeleg, utan større valdsbruk mellom det albanske fleirtalet og den serbiske minoriteten.

Viktigaste garantist for dette er dei 16.000 internasjonale KFOR-soldatane, under NATO-kommando. Dei er særleg synlege i trykkokaren Mitrovica, den delte byen nord i Kosovo. Der har det vore fleire væpna samanstøyt mellom det albanske fleirtalet sør for Ibar, som renn gjennom byen, og serbarane i nord.

NUPI-forskar Friis trur det vil ta lang tid før Kosovo vil likne eit normalt, stabilt land.

— Det skal mykje til før Kosovo kokar over igjen. Men eg trur konflikten vil forbli fastlåst i mange år framover. Strategien til det internasjonale samfunnet synest å vere å ta tida til hjelp, prøve å få institusjonane til å fungere, og håpe at ting vil gå seg til etter kvart, seier Friis.

Eit pressmiddel overfor både Kosovo og Serbia er utsiktene til EU-medlemskap, som begge landa ønskjer seg.

— Dersom store, tunge EU-land seier at det ikkje kan bli medlemskap før konflikten er løyst, kan det kanskje føre til noko. Men dette vil uansett liggje minst 20 år fram i tid, seier Friis.

DEN GANG: Gatefesten med albanske flagg og dans i gatene i Pristina varte i fleire dagar etter sjølvstendeerklæringa 17. februar i fjor. Tysdag er det ny fest - men kvardagen har for lengst innhenta den unge nasjonen. ARKIVFOTO: GORM K. GAARE
GORM K. GAARE / EUP- IMAGES
GLEDE: Det er gått eitt år sidan Kosovo feira sjølvstendet - og fekk sitt eige flagg. Men konflikten med Serbia og den serbiske minoriteten er like fastlåst som før. ARKIVFOTO: GORM K. GAARE
GORM K. GAARE / EUP- IMAGES
NO: Serbarar marsjerte gjennom den nordlege byen Mitrovica tysdag denne veka. Dei protesterte mot at EU-politi har teke over to tollpostar i landsdelen. FOTO: REUTERS
IVAN MILUTINOVIC