VIDAR YSTAD

Fredag gjekk fylkesleiaren for Kristeleg Folkeparti i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, i eit intervju med Bergens Tidende, sterkt inn for å flytte ambassaden. Ho vil også at partiet skal programfeste ei slik flytting.

Det står ingenting om flytting av ambassaden i Kr.F. sitt program i dag.

Sterk strid

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, førde dette flyttespørsmålet til opprivande strid i KrF si stortingsgruppe då saka var oppe under den første Bondevik-regjeringa. Fleire representantar i Kr.F. skal ha gått inn for å flytte ambassaden.

Spørsmålet om flytting av ambassaden vart teke opp i juni 1997, medan Thorbjørn Jagland var statsminister. Då gjekk stortingsrepresentant Anita Apelthun Sæle (Kr.F.) saman med stortingsrepresentant Jan Simonsen (Frp) om å fremje eit såkalla dokument 8-forslag i Stortinget om saka.

Framlegget hadde denne ordlyden: «Stortinget ber Regjeringen arbeide for en utvikling slik at den norske ambassaden i Israel kan flyttes fra Tel Aviv til Israels hovedstad Jerusalem.»

På Bondeviks bord

Framlegget vart ikkje behandla ettersom det vart fremja så seint som 17. juni. Deretter var det stortingsval.

Etter valet skipa Kjell Magne Bondevik sentrumsregjeringa. Regjeringa hadde knapt overteke før Jan Simonsen på ny kom med eit flytteframlegg. Men denne gongen var han åleine.

Framlegget hadde denne ordlyden:

«Stortinget ber Regjeringen flytte den norske ambassaden i Israel fra Tel Aviv til Israels hovedstad Jerusalem.»

Grunngjevinga for framlegget var ord for ord det same som Simonsen sto saman med Sæle om i framlegget som var fremja fem månadar tidlegare.

Saka vart oversendt til Utanrikskomiteen og kom til behandling i Stortinget 17. mars 1998.

Fleirtalet i komiteen, alle så nær som Frp sine representantar, gjekk inn for å avvise framlegget. Men Kr.F. fann grunn til å ha ein særmerknad i komiteinnstillinga.

Hard debatt

Det fall i utanriksminister Knut Vollebæk (Kr.F.) sin lodd å avvise framlegget om flytting av ambassaden.

I det lange ordskiftet i Stortinget skulda Jan Simonsen Kr.F. for å ha øvd svik mot jødane ved å gå imot flytting av ambassaden.

Kr.F. sin parlamentariske leiar den gongen, Einar Steensnæs, hadde den lite takknemlege oppgåva å forklare og forsvare partiet sine standpunkt: på den eine sida at partiet er Israel-vennleg, på den andre sida at partiet gjekk imot å flytte ambassaden. partiet vart difor angrepe dels frå Frp, dels frå dei øvrige partia for å skape uklåre liner.

Høgres Jan Petersen gav uttrykk for at Kr.F. hadde problem med å bygge bru mellom sin tidlegare retorikk og det regjeringssituasjonen krev. Han konkluderte med at «dobbeltkommunikasjon er en særdeles krevende øvelse».