På deltakarlista som norsk UD hadde kopiert opp før møtet om regionalt samarbeid og Afghanistan på Hotel Continental i dag, var Iran ikkje med.

Landet er ein av Afghanistans største og mektigaste naboar, og dei to landa har mange og sterke band. Difor har dei norske diplomatane arbeidd hardt for å få Iran til å bli med i arbeidet for å skape fred i Afghanistan, gjennom å styrke samarbeidet i regionen.

Isfront

Heilt fram til morgontimane i dag var det uklart om Iran ville stille opp. Prestestyret i Teheran og USA, som også deltek i Oslo i dag, har i mange år hatt ein isfront. Både iranske og norske kjelder sa torsdag kveld at det var tvilsamt om Iran ville kome.

Men til slutt vart Iran med ved bordet.

— Eg vart klar over dette møtet først i dag, sa Abbas Tourabi, Chargé d'affaires ved den iranske ambassaden i Oslo, like før møtet begynte klokka 9 i dag.

- Løysast av landa som er der

Han er heilt samd i at regionalt samarbeid er viktig for å få ein slutt på konflikten i Afghanistan.

— Utanlandske intervensjonar har skapt mange problem i regionen, som vi ser både i Afghanistan og Irak. Iran har alltid vore for samarbeid i regionen; problema må først og fremst løysast av dei landa som er der. Det betyr ikkje at vi avviser alle andre aktørar utanfrå, som FN, seier Tourabi.

Møtet i Oslo blir leia av Afghanistans viseutanriksminister Jawed Ludin. Målet med møtet, som er tilrettelagt av Noreg, er at det seinare i haust skal kome på plass eit formelt samarbeid mellom Afghanistans naboland.