OVE ARNE OLDERKJÆR

Tragedien i og rundt Det indiske hav har utløyst ei givarglede utan sidestykke verda rundt. Organisasjonar og private har alt gitt 4,4 milliardar kroner, av dette har nordmenn bidrege med 400 millionar. Norges Røde Kors har sletta gamle rekordar med 260 millionar kroner inntil i går. Innanfor organisasjonen er mange no redde for at all innsamlingsaktiviteten tærer på givarglede og goodwill overfor framtidige aksjonar.

— Etter det store løftet i helga, gir vi oss måndag med bøsseinnsamling i butikkar og dør-til-dør-aksjonar, seier innsamlingsleiar for Norges Røde Kors i Hordaland og Bergen, Kari Thorson til Bergens Tidende.

— Men pengar treng vi, og tek gladeleg imot innsamla midlar frå dei mange frivillige arrangementa rundt om. Denne katastrofen strekkjer seg over to kontinent, og behovet for pengar er stort til det langsiktige gjenoppbyggingsarbeidet. Vi skal sørgja for at dei som treng midlar, får dei, seier Kari Thorson.

— Eg vil ikkje kalla det nedtrapping. Vi går over i ein ny fase i innsamlinga. Uansett er det framleis bruk for pengar, seier kommunikasjonssjef Herborg Bryn i Norges Røde Kors.

— Vi registrerer enno stor iver etter å gå med bøsser, til dømes no i helga. Det er ikkje vanskeleg å få folk til å delta, sjølv om mange har gitt mykje allereie, seier Herborg Bryn.

Kirkens Nødhjelp har sett rekord med 31 millionar kroner innsamla til flodbølgjeofra inntil i går på eigen konto. Ifølgje pressekontakt Linn Aas-Hansen har organisasjonen ingen planar om å trappa ned innsamlinga.

Hjelpeorganisasjonane lovar at innsamla midler til flodbølgeoffera rundt Det indiske hav vil bli brukt til det de er tenkt til. - Pengane er øremerka regionen som er råka av flodbølgjen, og vil ikkje gå til andre føremål, seier pressekontakt Linn Aas-Hansen i Kirkens Nødhjelp.