Onsdag skulle fleire irakarar som har fått avslag på dei norske asylsøknadene bli plassert på eit chartra fly i Sverige. Rei-semål: Bagdad.

Men turen vart avlyst, etter at både den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg og generalsekretær Thorbjørn Jagland i Europarådet har kontakta svenske styresmakter. Dei meiner Irak nå er for farleg til slik retur.

— Sist veke var planen at fem irakiske asylsøkjarar frå Noreg skulle vere med flyet. Vi prøver nå å finne annan transport til dei, seier informasjonssjef Roar Hansen i Politiets utlendingsenhet. Han var i går ikkje kjent med planar om å stanse returar til Irak frå norsk side.

Tre land har fått brev

Det har vore ein kraftig auke i valdsbruken i Irak dei siste vekene. Særleg kristne og andre minoritetar har vorte offer for bomber og angrep. 31. oktober vart 70 drepne i ein gisselaksjon i ein katedral i Bagdad.

Noreg har hittil i år uttransportert 132 asylsøkjarar til Irak ved hjelp av tvang. I tillegg har 470 returnert frivillig – med trugselen om tvangsretur hengande over seg.

Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har teke imot fleire hundre klager frå irakiske asylsøkjarar rundt om i Europa, som ikkje vil heim. Tre land – Nederland, Sverige og Storbritannia – har nå fått brev frå domstolen der dei blir bedt om å innstille returar inntil sakene er handsama av retten.

Dette gjorde at Sverige i går avlyste flyginga til Bagdad, der også asylsøkjarar frå Noreg skulle vore med.

Vil ikkje instruere

Domstolen sorterer under Europarådet, og generalsekretær Thorbjørn Jagland rykte tysdag ut med ei sterk åtvaring mot tvangsretur til Irak.

«Domstolen har tydeleg bedt Sverige, Nederland og Storbritannia om ikkje å halde fram med tvangsretur av irakarar, i lys av den forverra tryggleikssituasjonen der. Alle medlemsstatar i Europarådet må respektere domstolens avgjerder», heiter det i pressemeldinga frå Jagland.

Norske styresmakter føler seg ikkje ramma av Jaglands åtvaring og domstolens brev.

— Vi har ingen planar om å instruere Utlendingsdirektoratet (UDI) om å stanse returane til Irak, seier statssekretær Pål Lønseth (Ap) i Justisdepartementet.

— Somme vil meine dette er rart, når Sverige har stansa sine returar?

— Alle asylsakene blir handsama en-keltvis, basert på konkrete, individuelle vurderingar. Eg har også skjønt det slik at brevet Sverige har fått frå domstolen, handla om enkeltsaker, seier Lønseth.

Han viser elles til at det er UDI og Ut-lendingsnemnda (UNE) som forvaltar regelverket.

Då Noreg fekk eit tilsvarande brev frå domstolen om tvangsretur til Hellas tidlegare i haust, var det UNE som avgjorde at slike returar ikkje skulle halde fram.

Irritert på Jagland

Assisterande avdelingsdirektør Tone Loge Tveter i UDIs asylavdeling seier dei er kjent med brevet svenskane har fått.

— Vi er merksame på dette, og vurderer kontinuerleg kva vi skal gjere vidare, seier Tveter.

I det svenske Migrationsverket – som svarar til det norske UDI – var det i går irritasjon over pressemeldinga frå Thorbjørn Jagland.

Dei meiner det ikkje stemmer at Sverige har fått pålegg om ein generell stans i retur til Irak.

— Dette er ei direkte feilaktig opplysing. Ei slik oppmoding har Sverige ikkje fått. Det er veldig uheldig at Thorbjørn Jagland uttaler seg slik. (....) Dersom Europadomstolen vil at vi skal stanse alle utvisingar til Irak, må dei be oss gjere det, slik dei har gjort når det gjeld Nederland, seier rettssjef Mikael Ribbenvik på Migrationsverkets heimesider.

Fakta

tvungen retur

n Gjennomførast om du har fått endeleg avslag på søknaden om asyl.

n Om du ikkje forlet landet innan fastsette fristar, har politiet ansvar for transportera deg ut.

n Du har sjølv ansvar for å betale billetten din. Kan du ikkje det, tek norske myndigheiter rekninga.

n Pengane må tilbakebetalast, elles kan du bli nekta innreise til Noreg ved eit seinare høve.

n I byrjinga av september var 3967 asylsøkjarar reist heim eller blitt sendt heim frå Noreg med tvang. Berre 967 av desse reiste frivillig, ifølgje Aftenposten.

n Ifølgje ei undersøking utførd av FN, angrar dei fleste flyktningane som reiste heim til Irak. Dei opplever mellom anna utryggleik.

Kjelde: UDI og FN

.