• EU-døra vil stå på gløtt lenge. Noreg er velkomen den dagen de måtte ønskje det.

Det var signala Ap-leiar Jens Stoltenberg fekk av den tyske kanslaren Gerhard Schröder då han vitja Berlin måndag.

Stoltenberg var i helga på privat storbybesøk saman med familien sin hos ein gammal regjeringskollega, Bjørn Tore Godal som nå er norsk ambassadør i Berlin. Måndagen nytta dei to til å besøkje partifelle og forbundskanslar Gerhard Schröder i dei staselege kanslarkontora ved Brandenburger Tor.

— Vil ha oss med

Noregs forhold til det nye, utvida EU var eitt av samtaleemna på møtet.

— Schröder understreka at Noreg er velkomne i EU og at han gjerne vil ha oss med, men at det sjølvsagt er eit spørsmål vi må avgjere sjølve, sa Stoltenberg etter møtet med den tyske regjeringssjefen.

Stoltenberg fryktar ikkje at dei to krevjande utvidingsrundene som EU allereie er i gang med - den første neste år og den neste planlagt til 2007 - skal gjere det vanskeleg for Noreg å i heile tatt få plass på EU-toget om vi ikkje skundar oss.

— Nei. Eg oppfattar at EU er klare dersom vi vil inn. Vi er jo nesten medlem allereie; vi er med i den indre marknaden, og EU-direktiva er på plass. Slik sett er vi i ei særstilling i forhold til kandidatane i aust. Eg forstår det slik at Noreg er velkomne den dagen vi måtte ønskje det. Slik var signala her i dag, og slik har eg tidlegare oppfatta andre statsleiarar, for eksempel Tony Blair, seier Stoltenberg.

Åtvarar mot skyttargraver

Ap-leiaren meiner at både hans eige parti og dei andre må avklare synet sitt på EU-spørsmålet før valet i 2005. Dei to neste åra vil han bruke til diskusjonar, og han seier sjølv at han ikkje har bestemt seg for om Noreg bør søkje EU-medlemskap i løpet av neste stortingsperiode, altså før 2010.

Stoltenberg var i går mest oppteken av at EU-spørsmålet ikkje må øydeleggje for hovudmålet hans for neste stortingsval: Ein sentrum-venstre-samarbeid som kan fjerne Høgre frå regjeringskontora, til fordel for ein fleirtalskoalisjon med Ap i spissen.|

— Eg håpar at ingen straks går i skyttargravene, men i staden kan vere villige til å diskutere Noregs forhold til det nye EU på ein open og grundig måte. Det gjeld både ja- og nei-sida, seier Stoltenberg.

Han viste spesielt til SV, der han meinte å ha registrert «mange søkande og nysgjerrige» i spørsmålet om EU, ikkje minst etter innlemminga av dei mange nye austeuropeiske medlemslanda.

Fryktar nytt EU-nei

— Eg håpar verkeleg at SV ikkje nyttar EU-saka til å blokkere for eit sentrum-venstre-samarbeid, sa Stoltenberg, som vil ha slutt på «rotet og kaoset» til Bondeviks mindretalsregjering.

Stoltenberg stod i går uansett ikkje i fare for å støyte frå seg nei-folket. Det meste av det han sa etter kanslarmøtet var argument for at Noreg ikkje treng stresse med å søke.

Og det igjen heng ikkje minst saman med at Stoltenberg er ihuga tilhengar av norsk medlemskap, og at han difor kanskje meir enn noko fryktar enda eit norsk EU-nei i ei folkeavstemming.

— Ja, det må ikkje skje. Nettopp det er jo ein av grunnane til at vi må tenkje oss veldig godt om før vi søkjer igjen, sa Jens Stoltenberg i Berlin i går.