Marmor-gründerane i Jalalabad og Larvik har sendt brev til den internasjonale ISAF-styrken og spurt om det er mogleg å få kompensasjon for skadane. Selskapet har investert ca. to millionar dollar i bedrifta, og skriv at dei nå står i fare for å misse alt. Konsekvensen kan bli at dei må leggje ned drifta. Det vil vere eit stort tap både for selskapet, regionen og dei 20 lokalt tilsette, som vil misse arbeidet, heiter det i brevet.

— Oppfyller ikkje krava

Styreleiar Bjørn Tveter har ennå ikkje fått svar på brevet til ISAF. Men til Bergens Tidende skriv ISAF at dei ikkje vil dekkje dette tapet. Årsaken er at øydeleggingane var resultatet av ein kampoperasjon.

— Slike skader oppfyller ikkje krava for utbetaling, skriv kaptein og assisterande juridisk rådgjevar Robert H. Meek i ISAF Joint Command i Afghanistan.

Ein avtale med afghanske styresmakter slår fast at ISAF ikkje er ansvarlege for skader påført sivile. Det har likevel vore etablert ei rekkje ulike kompensasjonsordningar. Både ISAF og dei ulike nasjonane som deltek i den internasjonale styrkane har hatt ordningar for å bøte på skader som rammar uskuldige. Tanken har blant anna vore at dette kan demme opp for lokal motvilje mot ISAF-soldatane.

Framleis eit lite håp

Også dei norske styrkane har hatt ordningar for å betale ut erstatning. Medan nordmennene opererte i Faryab-provinsen, hadde norske offiserar med seg kontantar ut i felten for å gjere opp for alt frå øydelagde vatningsgrøfter til skader på vegar og husdyr.

— Det var også i vår interesse. VI gjorde det vi kunne for å rette opp. Det var jo sivile afghanarar vi var der for å beskytte og hjelpe, seier brigader Gjermund Eide, tidlegare norsk kontingentsjef i Afghanistan.

Det siste håpet er at skadane i Jalalabad kan bli dekt av ei anna amerikansk erstatningsordning, "U.S. Foreign Claims Act". ISAFs amerikanske advokatar skriv at dette kan vere aktuelt, og har bedt ANTCC sende dokumentasjon på skadane.