Det er tre ting eg ikkje forstår i krigen mot terror. Det første er kven som er mot oss. Det andre er kven som er med oss. Det tredje er korleis meir bomber og vald kan føre til mindre bomber og vald.

Tre dagar etter at World Trade Center raste i New York stod eg blant fortvila tsjetsjenske flyktningar i ein teltleir i Kaukasus. Meldinga hadde nådd leiren. Mens russiske militærhelikopter surra over oss, stimla flyktningane saman rundt mikrofonen for å uttrykkje medkjensle med ofra og deira pårørande i USA.

— Vi veit korleis dei har det! Vi har sjølv mista våre kjære og fått husa våre øydelagde av bomber, sa ein gammal mann. Ei kvinne nikka.

— Vi har ikkje noko materielt å tilby, men kan dei bruke blodet vårt, så gir vi gjerne! Ein annan eldre mann heldt seg lenge i bakgrunnen, men kom etter meg då folkemengda løyste seg opp.

— Eg er redd, sukka han. Etter dette får nok Putin carte blanche til å gjere slutt på vår vesle nasjon. Han seier vi er terroristar. Men det er jo ikkje sant! Sjølv har eg vore bonde heile livet. Eg er ingen terrorist!

Håpet knust

Eg lova den gamle mannen å fortelje til dykk heime kva han sa. Samstundes forstod eg kvifor han tok aksjonane i New York så tungt. Etter at Russland gjekk til krig mot «terror» i Tsjetsjenia hausten 1999 har massiv bombing og grufulle overgrep drive fleire hundre tusen sivile tsjetsjenarar på flukt. Etter to år under teltduken hadde bonden eitt brennande ønskje – han ville heim. Hans siste håp var at USA og FN skulle presse Russland til å stoppe krigen. Det håpet blei knust 11. september, like brått og brutalt som flya stupte inn i World Trade Center. Det var fåfengt å prøve med trøystande ord. Sjølv hadde eg president Putins første reaksjon på terroren altfor fersk på netthinna. Han dukka opp då eg zappa rundt på dei russiske tv-kanalane på hotellrommet i Moskva.

Mens redningsmannskapa kjempa for å få overlevande ut frå ruinane i New York, brukte Putin sjansen til å sparke ut mot Vesten for kritikken mot krigen i Tsjetsjenia. Her hadde jo russarane for lengst tatt opp kampen mot terroren. Sett frå Moskva viste 11. september for all verda at Russland hadde rett. No var det berre å ønskje kritikarane velkommen etter. Få dagar etter terroren i USA fastslo det russiske tidsskriftet Itogi at «for Vesten er det no uunngåeleg med ein ny anti-Hitler-koalisjon», med Russland som sjølvskriven medlem (Itogi, 18.sept. 2001). Ein ny epoke overtok for pinlege år som fallen supermakt og observatør ved eksfienden NATOs bord. For i kampen mot terror stod Russland fram som både føregangsland og frontkjempar.

Kommersiell krig

Men kva er eigentleg denne krigen mot terror? Eg spurde flyktningane som hadde førstehands erfaring. Ei bestemor, som dukka fram i teltopninga med eit barnebarn på armen og eit rundt foten, ville gjerne svare.

— Dette har ingenting med terror å gjere. Det Russland driv med er ein reint kommersiell krig. Ho peikte på ein tankbil som passerte leiren på nokre hundre meters avstand.

— Ser du den? Det er russiske soldatar som tappar olje frå leidningen gjennom landet vårt. Dei smuglar den ut og sel den andre stader. Det skjer heilt openlyst, og bilane køyrer forbi leiren her både natt og dag. Ho la til at ho sjølv var blakk. Alle pengane var brukte opp på å smørja russiske soldatar til å fortelje kor dei hadde gravlagt sonen hennar.

— Du skulle sett alle dei lemlesta lika eg har sett.

Tårene spratt ut av augo. Med skingrande stemme skildra kvinna korleis ho fåfengt hadde rota gjennom fleire massegraver på jakt etter spor av einaste sonen sin.

— Kva synest du om måten soldatane går fram på?

— Dei russiske soldatane er som dyr. Nei, dei er verre enn dyr! Før gråten tar overhand får ho tynt fram eit siste spørsmål.

— Det er jo russarane som drep oss. Likevel er det oss folk kallar terroristar. Kvifor? Vi har jo ikkje gjort noko gale!

Storstilt korrupsjon

I dagane før og etter 11. september møtte og intervjua eg mange tsjetsjenske flyktningar både i Moskva og ved grensa til krigen i nordlege Kaukasus. Flyktningane kom frå ulike delar av Tsjetsjenia, og hadde ingen særskilde fellestrekk utover nasjonaliteten. Alle som ein fortalde likevel historier om russiske overgrep, kidnappingar, tortur og drap - alt gjennomsyra av storstilt korrupsjon. Russiske styrkar bortførte tsjetsjenske menn og selde dei tilbake dersom familiane greidde å skaffe nok pengar. Klarte dei det ikkje, fekk dei kjøpe opplysningar om kor leivningane kunne finnast til ein rimelegare penge. Krigen ramma ikkje berre dei vaksne. Putins regjering har offisielt definert alle tsjetsjenske gutar frå 11 år som moglege terroristar. Ei mor i leiren fortalde at ho likevel hadde tatt sjansen på å dra heim igjen med barna då russiske styresmakter hevda det var trygt. Så snart ho var tilbake på tsjetsjensk side, blei eit av barna kidnappa. Etter å ha skrapa saman løysepengar, betalt den føderale hæren og fått barnet igjen flykta ho tilbake til teltleiren. Ho hadde ingen planar om å stole på russarane ein gong til.

Teppe mot tilgjeving

Det var sterkt å oppleve dei dramatiske septemberdagane i fjor frå det som, bokstaveleg talt, skulle vere fiendens leir. Riktig nok møtte eg mange fattige menneske som bad Allah om hjelp til å takle sakn, sorg, angst og materiell naud. Sant nok var mange av dei også bitre for at verda ikkje løfta ein finger for å hjelpe dei mot Putins statlege terrorapparat. Men ikkje ein av tsjetsjenarane eg møtte uttrykte eit fnugg av sympati med terroristane i New York. Tvert imot. Ei kvinne eg møtte like ved den tsjetsjenske grensa avfeidde blankt at dei som stod for udåden kunne vere muslimar. Argumentet var enkelt, men kom frå hjarta: – Hadde dei trudd på Gud, ville dei aldri ha gjort noko slikt!

Eitt år etter at World Trade Center raste saman, rasar «krigen mot terror» vidare på fleire frontar. I Tsjetsjenia finansierer russiske soldatar sin innsats for verdas tryggleik med å presse uskuldige sivile for pengar. I Midtausten kjempar Sharon det godes kamp ved å rasere flyktningleirar, nekte sjuke menneske hjelp og fyre av kuler og rakettar inn i palestinske bygningar. I Afghanistan er USA ikkje heilt ferdige med al Qaida, men går ut frå at Osama bin Laden er død. At amerikanske pilotar bomba eit bryllaup eller to i forbifarten var naturlegvis leit, men det er slikt som skjer. Dessutan gav amerikanarane både ullteppe og telt til dei overlevande etterpå. Ein afghansk leiar spurde om USA hadde tilgitt angrepa i New York dersom Taliban sende teppe til dei overlevande. Det var naturlegvis eit smaklaust spørsmål. Det er då forskjell på folk.

Og USAs president har informert oss om at Afghanistan ligg på vondskapens akse. Det gjer pr. i dag verken Israel, Russland eller USA.

Knuste illusjonar

Men i beltespora etter stridsvognene deira ligg det att mange knuste illusjonar om heltar, fiendar, moral og rettferd. I desse ligg kimen til ny terror. Som ein tsjetsjenar oppsummerte: å bombe eit folk til lydnad er like effektivt som å slå kona til kjærleik. Begge vil stikke så fort dei får sjansen.

Og korleis går det så med den tsjetsjenske bonden? Vel, eg veit ikkje om han framleis er i live, langt mindre om han får oppleve fred i heimlandet. Men ein ting er eg rimeleg sikker på. Den mannen var ingen terrorist.

Etter dette får nok Putin carte blanche til å gjere slutt på vår vesle nasjon. Han seier vi er terroristar. Men det er jo ikkje sant! Eldre tsjetsjensk flyktning, 14. september