Bølingen skvett litt til når framandfolka kjem til gards.

— Enkelte av dei har stått inne nokre dagar. Når dei kjem ut, er dei litt skvetne med det same. Men det går fort over, forklarar gardbrukaren.

Og det går ikkje lange stunda før vi får sanne orda. Kyrne søkjer nærkontakt, nappar i jakka, sleikjer på buksa, smået på reimane i gummistøvlane og stryk seg inntil.

— Dei er snille, og så veldig folkekjære. Straks dei høyrer stemma mi, kjem dei, fortel Synnøve.

Trua av utrydding

Vestlandsk fjordfe er den eldste norske storfeslaget, og var, inntil berre nokre mannsaldrar sidan, det mest utbreidde feslaget på vestlandsgardane. I dag blir vestlandskyrne rekna mellom dyreartane som er truga av utrydding. Storferasen står på same lista som bengaltigeren og fjellreven. Sannsynlegvis er det no berre kring 450 dyra att av rasen.

— Vi hadde slike før her på garden, og det var ein av grunnane til at eg ville satse på desse dyra. Dei mjølkar mindre enn NRF-kyr, men greier seg på andre sida med mindre areal. Dermed kan eg ha fleire kyr, seier Herstad. I tillegg betaler også staten noko meir i tilskot til bønder som tek vare på utryddingstruga dyrerasar.

Vestlandsk fjordfe gjer seg nytte av utmarksressursane på ein heilt annan måte enn andre kyr.

— Dei går laus på lauvverk og greiner på ein heil anna måte enn andre storfe. Spesielt selje er ein stor favoritt. Dermed går dei også laus på det store problemet med attgroinga av landskapet.

Ei anna årsak til at Herstad satsa på fjordfeet, var den eldre driftsbygningen på garden. Båsane er små, noko som passar godt til småvaksne kyr.

Jobbe med livet

To av kyrne kjøpte Synnøve Herstad i Gudbrandsdalen. Dei andre åtte fekk ho fat i då ein gardbrukar på Folkestad i Fjaler la ned drifta i sommar.

— Dei er veldig vanskelege å få ta i, seier Herstad.

Snart blir det familieauke. Ei av dei mest kontaktsøkjande går dags ventande. Ho stryk seg tett inn til, og rautar oss nesten i øyret.

— Ho snakkar, meiner bonden, som har planar om å skaffe seg gardsokse:

— Om eg torer då.

Kyrne til Synnøve Herstad har ein let som nesten går i alle regnbogefargane. Men flesteparten har ein varm gråfarge.

— Det er mange fargar i denne rasen. Dei grå kyrne kalla dei før i tida for huldrekyr, fordi huldra i følgje tradisjonen hadde grå kyr.

Herstad er spent på korleis dyra vil takle vinteren i Litlehøydal. Meininga er at kyrne skal gå mykje ute.

— Dei vil ut. Eg merkar det på dei straks eg har mjølka om morgonen, seier heiltidsbonden som i tillegg til eigen gard også steller fjøsen på nabobruket. Herstad er noko så sjeldan som heiltidsbonde.

— Å vere mjølkebonde og ha arbeid utanom garden går ikkje. Det blir for stridt, seier Herstad.

— Men går det an å leve av?

— Pengar er ikkje alt. Med dette som yrke arbeider eg meg sjølve livet.

Apneseth Oddleiv