– FN-misjonen i Afghanistan ignorerte oppgåvene sine og mandatet sitt allereie under veljarregistreringa. Nå må FN og Kai Eide gjere den jobben dei er sett til å gjere, seier Dr. Abdullah Abdullah på telefon frå Kabul.

Den tidlegare utanriksministeren var sterkaste utfordrar til Hamid Karzai, og vart tilkjent 27,8 prosent av stemmene i presidentvalet i august. President Karzai fekk 54,6 prosent.

FNs toppmann i Kabul, den norske diplomaten Kai Eide, har oppnemnt fleirtalet i ein uavhengig kommisjon som nå skal gå igjennom meir enn 2800 klager på valgjennomføringa. Skuldingane om valfusk er massive, og mange også godt underbygde:

  • EUs valobservatørar har konkludert med at 1,5 millionar stemmer er «mistenkjelege» — det er meir enn ein fjerdedel av alle registrerte stemmer.
  • Granskingskommisjonen har alt forkasta alle stemmene frå 82 vallokale på grunn av massivt juks.
  • BBC har dokumentert at store mengder valkort var til sals på gata i Kabul.
  • Observatørar har rapportert om valurner som var fullstappa då vallokala opna, distrikt med fleire avgitte stemmer enn dei har veljarar, og fulle urner frå vallokale som aldri vart opna.

– FN svikta alt i vår

Dr. Abdullah har frå første stund hevda at president Karzai stod bak massivt valjuks. Og han er ikkje berre nøgd med innsatsen til FNs organ i Afghanistan, UNAMA, og sjefen der, Kai Eide.

– UNAMA svikta alt i vår, då veljarane skulle registrere seg. I enkelte distrikt vart det registrert fleire veljarar enn det er innbyggjarar. UNAMA og Eide ignorerte mandatet sitt og let det passere. Nå håpar eg klagekommisjonen gjer jobben sin, seier Abdullah.

Kai Eide har frå før hamna i open konflikt med sin eigen nestsjef i UNAMA, den amerikanske diplomaten Peter Galbraith. På grunn av krangelen er Galbraith no reist heim til USA.

Ifølgje internasjonale media vil Galbraith følgje ei hardare linje enn Eide, og meiner FN må krevje ny oppteljing av ein femdel av alle valurnene. Han skal også ha gått inn for å annullere stemmene frå 1000 av i alt 25.000 vallokale.

– Prova meir enn gode nok

– Eg er uroa over det som er kome fram om konflikten mellom Eide og Galbraith. Ei hard linje mot valfusk, slik Galbraith synest å stå for, er heilt nødvendig. Eg har også gitt uttrykk for uroa mi i direkte samtaler med Eide denne veka, seier Abdullah.

Dr. Abdullah meiner prova på fusk er meir enn gode nok til at Kai Eide kunne gått hardare ut alt nå.

– Ein ting er mistenkjelege valurner. Noko ganske anna er fulle urner frå område der det ikkje er gjennomført val. Du treng ikkje ei gransking for å sjå at noko er feil der. Det er nok å opne augo, seier Abdullah.

Dersom president Karzai blir tilkjent mindre enn 50 prosent oppslutning, må det gjennomførast ein andre valomgang.

Spørsmålet er om dette vil la seg gjere før vinteren set inn – ei årstid som gjer organisering av val umogleg, fordi store område er isolert frå omverda vinterstid. Mange fryktar at ein heil vinter utan avklaring på valet vil vere farleg: Regjeringsapparatet vil bli svekt, og opprørarane vil få større spelerom.

Fryktar reaksjonane

– Eg meiner det går an å få til ein andre valomgang i haust. Dersom det ikkje går, må vi ta det til våren. Det er fullt mogleg å etablere eit forretningsministerium i mellomtida, seier Dr. Abdullah.

Alternativet er langt, langt verre, meiner han:

– I Afghanistan har vi mange som ikkje ønskjer demokrati, med Taliban og andre opprørarar. Men det er også mange som vil ha eit demokratisk Afghanistan. Dersom alle desse ser at presidenten blir utnemnt på grunnlag av massivt valfusk og maktmisbruk – kva då? Dei vil misse tilliten til heile det demokratiske systemet. Skaden vil vere enorm, seier Abdullah.

– Korleis trur du dine tilhengjarar vil reagere om det ikkje blir ein andre omgang?

– Eg håpar dei vil halde seg innanfor rammene av lova.

Abdullah legg vekt på at den afghanske regjeringa er avhengig av tillit også internasjonalt: Afghanistan får enorme summar i utviklingshjelp, og utan nesten 100.000 ISAF-soldatar i landet ville Karzai-styret neppe overlevd lenge.

– All støtta vi får nå gir oss sjansen til å skape stabilitet og framgang, slik at vi etter kvart kan stå på eigne bein. Men dette vindauget vil ikkje stå ope lenge. Dersom vi ikkje nyttar høvet nå, blir det frykteleg vanskeleg å redde landet vårt. Den internasjonale støtta vil forvitre. Ei korrupt regjering bygd på svindel i fem nye år vil vere ein katastrofe, seier Abdullah.

Eide: – Vi må vere realistar

Kai Eide avviser blankt at han har vore veik. Han vil ikkje akseptere ein andre valomgang til våren, og slår fast at valet må fullførast i haust.

– Vi har påpeikt problema med valgjennomføringa frå første stund. Det er nesten så eg ikkje orkar å kommentere ein del av det som blir sagt frå alle slags hald, seier Kai Eide på telefon frå Kabul etter å ha fått referert kritikken frå Dr. Abdullah Abdullah.

I går vart den uavhengige granskingskommisjonen og den afghanske valkommisjonen, som har stått for oppteljinga, samde om korleis granskinga av valet skal fullførast.

– Det skal gjerast i tråd med internasjonale standardar, seier Eide, som trur eit endeleg resultat kan ventast i månadsskiftet september – oktober.

Han understrekar at han og Dr. Abdullah er heilt på linje i det mest sentrale spørsmålet:

– Prosessen og granskinga må få gå sin gang. Vi kan ikkje akseptere noko innblanding utanfrå, og det gjer vi heller ikkje. Vi godtek ikkje juks. Og vi er ikkje slappe, seier Eide.

Før vinteren

Samtidig meiner han mange ikkje har skjønt kva organiseringa av val i eit land som Afghanistan inneber.

– Valet var ikkje fritt og rettferdig i vestleg forstand. Men vi må ha realistiske forventningar. At dei eldste i landsbyen har det siste ordet for korleis folk skal stemme, er noko vi ikkje kjenner frå heime. Men slik er samfunnet mange plassar her. I enkelte landsbyar er det folk som aldri har sett ein blyant, og som aldri har sett ansiktet til ein einaste av presidentkandidatane. Då seier det seg sjølv at det blir enormt krevjande, seier Eide.

– Dersom granskingskommisjonen finn at det må haldast ein andre valomgang – når kan det skje?

– Det må i så fall gjerast før vinteren. Å vente til våren vil vere uakseptabelt. Vi kan ikkje leve med politisk turbulens i åtte-ti månader, og med ei regjering som ikkje har full legitimitet. Dette er eit land med ein væpna, indre konflikt, og treng ei handlekraftig regjering, seier Eide.

Taus om intern konflikt

Han meiner siste sjanse for å halde ein andre valomgang vil vere slutten av oktober.

– Det vil vere uhyre krevjande å få til, men vi meiner det skal la seg gjere, seier Eide.

– Dersom Karzai blir utropt til vinnar nå – vil ikkje legitimiteten hans uansett vere sterkt svekt, med alt fusket som allereie er avdekt?

– For det første må granskingskommisjonen gjere eit så grundig arbeid at resultatet dei kjem fram til er truverdig. Det har eg full tillit til at dei vil. For det andre må dei som taper valet vere så politisk modne at dei erkjenner at dei har tapt. Dette samfunnet toler ikkje meir fragmentering. Dei lever alt i ein væpna konflikt med ei opprørsrørsle. Afghanistan vil ikkje tole at også det politiske leiarskapen blir splitta, seier Eide.

Konflikten med sin eigen nestsjef, amerikanaren Peter Galbraith, vil han ikkje snakke meir om.

– Eg vil ikkje vere med og halde liv i den historia. Siste ord er sagt frå mi side, seier Eide.